mandag, juli 31, 2006

Kveldsstund i Bangkok


"Dette kan dåkk ha på bloggen", sa Signe og knipsa familien rundt bordet med kveldsmaten. (Ante ikkje at ho visste noko som helst om blogg...)

Så, her er altså bilete!

tirsdag, juli 25, 2006


Det er ca 400 000 menneske innom Chatuchak marknaden i løpet av ei helg. Her finn ein absolutt alt ein treng: Mat, klede og sko, souvenir, møbler, koppar og kar, verktøy, blomar, lampar etc etc. Kanskje på utkikk etter eit kjæledyr? Dei søtaste hundane står i bura sine, bittesmå kattungar, fiskar i alle fargar, eksotiske fuglar, eller kanskje ein slange fristar mest? Ein finn alt på Chatuchak - verdas største helgemarkand.

Fordelt på 15 000 boder er det varer så langt auga kan sjå. Det er lett å gå seg vill i folkevrimmelen. Varmen kan verta ganske intens, så for ein uerfaren markands-kjøpar kan Chatuchak vera ganske overveldande. For ikkje å seie eit lite mareritt.

Etter 3 år i Bangkok har me enno ikkje kome over meir enn ein liten del av heile markanden. Me har funne vårt hjørna, kunstseksjonen, der me trives veldig godt. Etter ein god tur innom bodene med malerier, keramikk og anna designkunst, set me oss utanfor, klare for ei stort glas lime-shake. Då er me varme og svette, og litt væske-påfyll må til.

Så, litt nedkjøla og klare for ein ny runde, går me vidare nedover til alt som venter. Mykje flott, og billig!!! Litt her og litt der, vert fort til ganske mykje....

Chatuchak markanden er stor, både i areal og i opplevingar!

torsdag, juli 20, 2006


Klovnen Tulliball

Signe hadde i fleire dagar snakka om at pappa’n til Helene var klovn (”min Arne e bare pappa, han…"), og at klovnen kunne både trylla og laga Ole Brumm-ballong.

Måndag ettermiddag ringde det på døra, der stod klovnen Tulliball (og vesle Helene) og lurte på om Signe ville sjå litt tryllerier…? JAAA!!

Signe lo til ho låg krokete over puta då Tulliball sin tryllestav gjekk i stykker enno ein gong. Då han trakk opp fargar frå magen var augene kjempestore, og smilet likeså då ho tilslutt fekk ein diger ballong-sykkel av klovnen.

No har klovnen, Helene og resten av familien reist heim til Noreg. Men, klovnen med dei rare kleda gløymer me ikkje så lett!

”Tryll, trall, Tulliball”!

mandag, juli 17, 2006


Og - kjære Marte, Åsmund og Lukas!

Her er dei nydelege dåpsbarna:

Åsmund: Anne Brit sitt fadderbarn. Døypt i Hillevåg kyrkje 19.mars. Me gler oss til Åsmund kjem til Thailand i november. Då skal me få verta kjent og leike masse i lag. Me set stor pris på foreldra Annette og Lars Petter, samt storebror Sverre, og skulle gjerne hatt dei her i kvardagen vår…

Lukas: Vårt fadderbarn. Døypt i Åsane kyrkje 4,juni. Lukas såg Thailand frå inni magen til mamma Heidi då dei vitja oss i oktober i fjor, og han kan difor seiast å vera bittelitt thai… Me ser fram til å fylgja Lukas vidare i livet, saman med Adam, Rakel, Heidi og Kristian. Til sommaren vert det hyttetur, då spring nok Lukas rundt saman med resten av gjengen, og Jenny har ein heilt ny leikekamerat.

Marte:
Døypt i Pattaya 15.juli. Det var mange som venta spent på når Marte hadde lyst til å verta fødd. Me var heldige og fekk låna storebror Henrik og mamma’n og pappa’n til naboar i ventetida. Dei er alle flotte personar, og det er me sikre på at Marte òg vert! Fint å få vera med på dåpsdagen.
Kjære Janne, Ingunn, Bettina og Even!
I vår kristne tru er konfirmasjon og dåp så mykje meir enn festlege markeringar. Dei er viktige hendingar som synleggjer Guds nåde og frelse. Her kjem ei helsing til nokre konfirmantar som er særleg kjære for oss:

Even: Vår nevø og Arne sitt fadderbarn. Even likar sjakk, skiskyting, fotball og spelar i tillegg piano. Han imponerer med det meste! Arne har sidan Even var ganske liten prøvd å overtyde han om at Brann er Laget, men utan suksess. Even er trufast mot Bryne. Då Even og familien feira jul i Thailand i 2004, lærte han Signe ”klappe søte…”.

Ingunn: Vår niese. Ingunn er ei flott jente som likar fotografering, er ein stor dyrelskar og såleis ikkje redd for å ta i eit tak på garden heime. Ingunn har alltid vore svært sjølvstendig og det er bra! Ho er smilande og blid, noko som gjer at det er alltid godt å vera saman med henne.

Janne: Vår niese. Då Janne var liten sa alle at ho var veldig lik tante…
No er ho lik seg sjølv; Ei fin jente med eit stort hjarte for sine næraste. Janne er glad i å reise på hytta, og var nydeleg i sin nye Hardanger-bunad. I konfirmasjonen sin haldt Janne tale. Rørande og flott å høyra på, og gjorde oss alle veldig stolte.



Bettina: Me traff Bettina og familien då me kom hit til Bangkok i 2003, Bettina har stor omsorg for sine medmenneske, og syner det kanskje oftare i handling enn med store ord. Ho er ein kjempeflink dansar, og brukar av fritida si til å undervise dans til barna i slummen. Me er takksame for å kjenne Bettina.

onsdag, juli 12, 2006

Nytt frå Santikham

”Uten mat og drikke, duger helten ikke” er eit klokt visdomsord. I Thailand med sine mange restauranter, butikkar og boder (det er ein grill på kvart hjørna) er me absolutt ikkje utan verken mat eller drikke.

Men, heimelaga pizza er ikkje kvardagskost i Bangkok. Så, då me i går (på ein heilt vanleg tysdag…) fekk nyta god pizza i godt lag, tenkte me at det fortener ein blogg.

Våre kollegar, Eirin og Kjartan frå nord-aust, er på Bangkok-ferie og det kjem altså oss andre til gode og glede!

torsdag, juli 06, 2006


Yes, we are from Norway

I går var det Internasjonal dag på St. Andrews, og som foreldre til den einaste norske eleven stilte me sjølvsagt opp for å representera. Signe og mamma i bunad og pappa'n med stort norsk flagg på brystet, her skulle ingen vera i tvil om våre røter.

Me fekk eit bord nede i matsalen, og pynta med plakatar, bøker frå Osterøy og Ryfylke, flagg, elgbamsar i lusekofte og eit svært vaffeljern sentralt plassert (med brunosten på sida). Då elevane kom til "snack-time", hadde vaffellukta spreidd seg over skuleområdet og "Norway" var klar for storbesøk. Alle skulle få norsk flagg og fiske-stempel i passet sitt.

Arne steikte vafler for harde livet, og jentene i bunad vart varmare og varmare... "For ein fantastisk ost! Kor er den å få kjøpt?" "Geitost?" "Kvifor er osten brun?" og "Kan eg få litt til?" kunne me høyra etterkvart som vaflene forsvann. Og brunosten, stakkar, sleit i sola utan at det la nokon dempar på lovorda.

Turen frå land til land gjekk som følgjer:

Nydeleg thai-musikk i Thailand. Smykker av pasta i Italia. Te-smaking i Kina. Lage masker i Egypt. Sport i England. Eksotikse lukter, smaker og blomar i Nepal og Bhutan. Kastemerke i pannen frå India. Lime papir-sau i New- Zealand. Og altså vafler og brunost i lille Noreg.

Men, aller kjekkast for Signe var likevel å leike med Chiku, som var nydeleg i sin indiske sari, og Fay, i søt rosa thaidrakt. Ingenting er som bestevenninner!

mandag, juli 03, 2006


PC-undervisning

På lovsangshjemmet er en av ettermiddagsaktivitetene data undervisning. Dette er en relativt ny aktivitet, som jeg fikk lov å starte etter endt språkskole i fjor. Ved hjelp av lokale støttespillere har vi nå 7 maskiner og en printer koblet til et lokalt nettverk, i tillegg til internett-tilgang.

Tirsdager er det åpent for de yngste, der de får spille og gjøre seg kjent med pc-en fra starten av .Torsdager er tiltenkt de mer eldre ungene for undervisning i forskjellige tekstbehandling program slik at de lærer å bruke pc-en som et arbeidsverktøy.

I Thailand, som i Norge, brukes dataverktøy aktivt i skolen. Uten kjennskap og tilgang til en PC vil en derfor lett få problemer med å henge med på skolen. Barna i slummen har, med sine oppvekstvilkår og ofte vanskelige familieforhold, ikke det beste utgangspunktet for en lysende skolekarriere. På Lovsangshjemmet har de nå mulighet til opplæring i aktiviteter som kan komme skolegangen til nytte; eks engelsk og musikkundervisning, og nå altså i tillegg bruk av data.

Dette er en populær aktivitet. Det er i gjennomsnitt 25 unger innom PC-rommet på ettermiddagen. Da blir det varmt og støyende, men også ufattelig gøy og inspirerende!

søndag, juli 02, 2006


Ein epoke er over…

Vårt aller fyrste krypinn kjøpte me i Solheimsviken for ganske nøyaktig 10 år sidan. På fredag vart leiligheita vår i Hordagt 39 seld, avstanden Bangkok - Bergen vart for stor. Slik det ser ut no vert me her i Thailand enno nokre år, og no er det her som er heime.

Når me ein gong sender flyttelasset og reiser til Noreg for godt, vert det til Forsand. Spanande å då etablera seg på ny som familie på ei stad me ”kjenner alle litt, men ingen skikkeleg”.

Men, me vil nok alltid vera litt bergensarar (sjølv Arne som er stril) og heia på Brann... Nokre av våre beste vener er framleis i byen, og Løvstakksiden menighet, som me er utsendingar frå, vil alltid vera ”vår”.

Så, til sommaren treffes me nok i Bergen att, på Torvalmenningen, i Solheim eller St.Markus kyrkje! Me ser fram til det! Snakkast då!

Til deg, kjære blogg-lesar, anten du er bergensar eller ei, nyt utsikta(frå vår tidl altan) til tre av dei sju fjell, Fløyen, Rundemannen og Ulrikken. Sjølvsagt i strålande sol!