Me var invitert til heile to bryllup denne helga. Evangelisten vår, Mio, gifta seg med si Føn i Udon Thani (nord-Thailand) og fredagskveld

Det var overraskande mykje trafikk heile natta, mange store lastebilar, og me passerte fleire alvorlege ulukker. Me hadde mange som bad for oss den kvelden, og me var glade, letta og trøytte då me endeleg kunne sjekka inn på hotellet kl 6 om morgonen.

Bryllupet var ein kjempefest med over 500 gjester, ei nydeleg pynta kyrkje og eit rørande lukkeleg brudepar. Me introduserte riskasting på brudeparet, som vart ein stor suksess (einaste brura var ikkje så "happy" for riskorn i hårpynten...)!


Heimturen søndag var òg uendeleg lang... Me bur i eit stort land, og skal me på ny langtur bør me nok setja av litt fleire dagar, eller rett og slett aldri meir køyre så langt (jentene i familien stemmer på det siste)!