
Då me kom ut av flyet på Suvarnaphumi flyplass "snuste" Signe opp i lufta og sa; "Ååh, kjenn så godt det lukter!". For henne er den varme, klamme lufta lukta av heime...
Noreg er veldig bra, men Thailand er likevel best!

Jentene ynskte seg sticky rice og kylling til middag, så då var det bare ut i gata og handle! Sjølvsagt etter at alle hadde vore ein laaaaang tur i bassenget.

Men før det hadde me ein god søndag formiddag i kyrkja. Kjekt å sjå alle att, sjølv om det virka som om det fyrst og fremst var ungane alle hadde sakna...
Skule og jobb er i gang att - det er kvardag, og godt er det!
Takk for i sommar!