Eg har vore på tur til Laos! Og for fyrste gong fekk eg reise opp i landsbyane. Eg fekk sjå grøftegraving, eg fekk møta smil og takksemd, eg fekk klatra litt i fjellet (opp til vasskjeldene) og eg fekk kjenna på slitne armar som hadde bòre vatn kilometervis dag etter dag, år etter år.



Laos er det landet i verda som er hardast ramma av miner eller udetonerte eksplosiver. I åra mellom 1964 til 1973 slapp amerikanske bombefly meir enn 2 millioner tonn bomber over Laos.

Presten som er prosjektleiar for landsbyutviklingsprosjektet fortel korleis det var då han var barn og bombene smalt frå amerikanske bombefly. På turen vår køyrer me forbi det eine krateret etter det andre, nesten 50 år seinare. "Me visste at den tryggaste staden å gøyme seg var i krateret kor den siste bomba smalt, så me heiv oss ned og venta på at det skulle gå over for denne gong". Eg forstår at det er klasebomber han snakkar om, bombene som verda no vil ha forbod mot fordi dei skader så mange sivile i lang tid etterpå.

