lørdag, juni 03, 2006


Sommar og sol i Noreg

Ha, ha, det er er det iallefall ikkje... Sjå, så mykje klede eg må ha på meg når eg vil ut ein tur her på Osterøy!! Er litt løye òg med strømpebuksa og teppe i vogna, men lue... Det er noko stort tull!!

Eg har vore i Noreg i 9 dagar no, og snart skal eg og mamma heim att til Signe og pappa. Det gler me oss til! Doktoren sa at hoftenene mine ikkje er noko bra, men at me kunne venta å sjå til neste år. Eg kunne bare byrja gå, sa han. Så, no øver eg som best eg kan! Bestemor sa at eg gjekk eit steg til henne i sist veke, men det har eg gløymt no.

Desse dagane eg har vore her har eg sove hjå Bestemor og Bestefar 4 netter, tante Britt og onkel Egil 1 natt, Annette og Lars Petter 1 natt, Heidi og Kristian 1 natt og Besto og Besten 3 netter. Og så har eg besøkt alle onklane og tantene mine, sete på fanget til oldefarmor og oldemorfar, leika med 3-menningar, vore på open barnehage i Åsane kyrkje og festa i Janne sin konfirmasjon. Er litt forvirra, men eg tviheld på mamma, og passer på at ho alltid er i nærleiken.

I morgon skal me til Lukas, han skal døypa seg, og eg skal ha bunad på. Så, på måndag må eg på flyet til Bangkok. Trur det vert bra. Men, det er litt kjekt når det er kaldt òg. Mamma seier eg luktar så godt fordi det er så frisk luft her i Noreg.

Til de i Thailand: Vær klare, no kjem eg snart heim!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Knallkjekt å treffa dåkk begge 2 på Forsand sist vega, om d ikkje va for langa stonnå. Du Jenny har jo blitt sånn ei store jenta! Hb å få komma på besøg t dåkk ein gong neste år, viss d ikkje blir någe i år.

Dåkk e ofta i tankane mine!

God Pinsehelg & store klem frå Gunn

Maria og Espen Tveten sa...

Vi er klare! Som verpesyke høner!

Maria

Anonym sa...

Familien Vidnes er veldig klare for å få lille Jenny (som jo bare var sååå deilig innpakka i masse klær!)og "tante" Anne Brit hjem igjen - vi gleder oss!