
Tysdag kveld var det foreldremøte på St. Andrews International School. Eit nytt skuleår er så vidt i gong, og Signe er ikkje lenge i Nursery, men stor jente i kindergarten. Dei er no 15 i klassen, 5 jenter og 10 gutar.
Mange var møtt fram for å høyra pensum for dette året. Akkurat no er tema ”Who am I”. I klasserommet hang kunstverk på rad og rekkje. Det var malte sjølvportrett, innrama bilete (alle jentene hadde rosa blomar på sine…) og teikningar av familien. Signe hadde teikna mamma, pappa, Signe, Jenny og Line. Me vaksne såg heller sure ut, smilet hang

liksom andre vegen, satsar på at det ikkje har vore oppe til tolkning blant lærarane…
Etter at me alle hadde beundra produksjonen til våre små, samla me oss rundt pensumlister og dagsplanar. Det er gym, musikk, vannleik, baking og pianoøving. Masse, masse m.a.o.
Ordet vart fritt, og då heiv foreldra seg frampå: Om ikkje ungane kanskje vart litt undervurdert? Øve på å pusse tennene sjølv? Kva med lesing og skriving?? Dei kan jo enno ikkje alle tala, eller ABC! ”Alle” hadde vener der borna kunne både skriva og lesa ABC i den alderen. Eg trudde ikkje mine eigne øyrer!? Hæ?! Ungane er 3 år, og det er full panikk fordi dei ikkje kan skriva bokstavane!!!!! Skjøna snart av dette var ganske alvorleg, og læraren, Ms Minke, forklarte som best ho kunne om sosial trening fyrst, tenke langsiktig læring og ulikt syn på pedagogikk.
Til slutt sa ho; ”Mamma’en til Signe er ikkje uroa i det heile, for der dei kjem frå lærer ikkje ungane å lesa og skriva før dei er 7”. Alle såg på meg. Var me rare, eller??? OK, så er me kanskje det, då. Men, Signe får ikkje pugge ABC no, eller ha lekser. Er ikkje leik og moro vel så viktig?