
tirsdag, oktober 31, 2006
mandag, oktober 30, 2006
Den store barnedåpen

Torsdag var det dåp i nord-aust Thailand, nærare bestemt på Tohsang Resort ved Meekong-elva, nær grensa til Laos. Alle 4 jentene i familien Ngamchalad vart døypt i bassenget med full neddykking. Det var ei spesiell og svært rørande oppleving å sjå Bok, Øn, Ingeborg Anna og Hanna Olise kvitkledde og nok litt prega av høgtid, men likevel bestemte på at dei no ville ha Jesus som sin beste ven.

Er ho ikkje nydeleg, det lille fadderbarnet vårt?
tirsdag, oktober 24, 2006
På utkikk etter bil i Bangkok....?
torsdag, oktober 19, 2006
Sjokoladekake-trøyst

Ingenting er som sjokoladekake og brus når ein har vondt i øyret og er litt sjuk!
Signe og Line fekk servert både kake m/masse god krem, brus og barbie-film i ettermiddag. God trøyst for dei to sjuke små-damene når "alle" andre fekk reisa på skøyting.

Litt sjokolade er ikkje det verste ei lillesyster kan få heller...

tirsdag, oktober 17, 2006
Familien på preikestolen

Her er altså jentene i aksjon frå preikestolen med flanellograf, papirer og bibel. Dei små var meir enn villige til å hjelpa til, og til slutt datt både den rike unge mannen, Sakkeus i treet og Jesus rett i golvet...
Det gjorde ingenting, me får berre øva litt meir til neste gong. Planlegg allereie julefesten der juleevangeliet kan verta fortalt av dei unge i kyrkja, med eigne ord og med bruk av filtfigurane. Trur det kan verta flott! Foreldra verka iallefall veldig entusiastiske over idèn...
Som de nok skjøner; Flanellograf er ein fantastisk ting!

torsdag, oktober 12, 2006
Flanellograf

Når ideèn fyrst kom om at flanellograf hadde vore kjekt å hatt til preiker og elles barnearbeidet i kyrkjelyden vår, gjekk det ikkje lenge før eska stod her på stovegolvet. På store flanell-ark ligg alle dei kjende figurane frå Bibelen; Maria, Josef, fariseraane,Jesus, guten med brød og fisk, julekrybba, eslet osb osb. Her er òg masse små stjerner, blomar, vinglas og ein liten hammar...
Så, no sit me å klypper for harde livet. Eg fekk arbeidsskade med ein gong (sår på fingeren), noko som gjorde at eg måtte ta ei lita sjukemelding. Arne, derimot, har vore veldig flink, me

Takk til Stein Gunnar som reiste til Stavanger og handla, takk onkel Alf som brukte heile bagasjekvoten sin (17 kg!) for å få den med på flyet, og tusen takk til mamma og pappa som betalte! Eg gler meg til søndag, då skal flanellografen i bruk. Vonar den vil slå an og spre bibel-glede både hjå store og små!
Anne Brit
søndag, oktober 08, 2006
På møterommet

NMS-folket her i Thailand har hatt fagdagar.
Alle misjonærane var samla til samtale, diskusjon og gruppearbeid kring tema som:
Cellebaserte menigheter
Misjon i Thailand i 30 år - Hvor er vi nå?
Strategi og visjon i misjon
Kyrkja i Laos
Ikkje lett å vera ordstyrar når 13 ivrige og engasjerte NMS'arar hiv seg frampå... Det er ein fantastisk kollega-gjeng me har! Me er veldig ulike, og samstundes har me det så flott i lag!
Sosial samling rundt bassenget for liten og stor vart avlyst. I det siste har det vore mykje

På bilete ser de Kjartan Sørheim som teikner og forteller for oss ivrige tilhøyrarar.

torsdag, oktober 05, 2006
Ein oktoberdag i regntunge Bangkok

I skrivande stund heng skyene tungt over byen, det er grått ute og liknar mest av alt på ein vanleg haustdag på Vestlandet. Det har regna vel mykje dei siste dagane, og vatnet har runne som elver i gatene. Kjem plutseleg på regnjakka mi heime i Noreg, det er lenge sidan slikt utstyr var naudsynt å ha. Mest som eg saknar regnjakke og paraply i vindskeiv gange over Torgalmenningen...

Søndag kveld (frå splitter ny flyplass!) reiste fam Heggernes og fam Fjøren heim att etter 3 veker i Thailand.

No er det snart avgang til fagdagar inne i sentrum. Misjon er utfordrande og spanande, og no får me to heile dagar til samtale og diskusjon. Rapport fylgjer til helga att.
Ha ein fin dag, anten den vert i sol eller regn!
Abonner på:
Innlegg (Atom)