Den språklege barrieren er enno så stor at eg brukar hjelp til oversetjing frå engelsk til thai. Stort sett fungerer det veldig bra, men legg sjølvsagt ein liten dempar på min fridom i forhold til manuskriptet. Denne søndagen var ikkje mindre enn 5 av mine finske misjonærkollegar til stades, og det var elles ganske fullt i kyrkjerommet. Alle får utdelt ark til notater under preika, og etterpå er det høve til kommentarar og vitnesbyrd. Her får ingen sova under gudstenesta med andre ord!
Santitham kyrkjelyd er særdeles flinke til å bidra aktivt, og i løpet av ei gudsteneste er mange framme for å dele sorger og gleder i tru og kvardag. Denne søndagen var det mange engasjerte.
