
Ein liten bit Thailand vert det òg, sidan evangelisten Sim frå Mukdahan er invitert gjest og opptil fleire av våre misjonærarkollegar er påmelde.
Dersom du no i neste veke er i Bergenshallen, eller i området rundt, og kjem til å få auge på ein flott og fargerik banner
med GF-logo, då skal du veta at den òg kjem frå "Smilets land". Vår gode ven, Viroj, har sørga for at over 30 bannerar i ulike fargar er å finna på GF. Me har prøvd å forklara etter beste evne kva som ligg i temaet "Guds draum", om logoen er fisk eller blom, eller begge deler, eller noko heilt anna...

Denne veka vart siste versjon endeleg ferdig, i heile 8 fantastiske fargar. Me er ganske stolte! Kva farge likar du best? Hjå jentene her i familien er den mørke rosa ein klar favoritt...