
Etter 6 år med bilkøyring i Bangkok hadde eg i går mitt fyrste krasj. På veg til jobb og morgonmøte med kollega Tore, med nyinnkjøpt kaffe mocca i bilen, svingte eg inn i gata til kontoret. Det vil seie; Eg prøvde å svinge, men fekk brått ein heil motorsykkel m/sjåfør inn i bakskjermen.
Ei svært lite hyggjeleg oppleving, men heldigvis gjekk det betre enn det såg ut til der og då i gata. Etter at stakkaren hadde fått blodet tørka opp, diverse flenger sydd og brukne bein retta, kunne alle vera einige om at det kunne gått så mykje, mykje verre. Hjelm er stort sett berre til pynt for sjåførane, og lite til nytte når uhellet er ute. Eg var ganske så skjelven resten av dagen, så etter møte med forsikringsselskapet, forklaring på politistasjonen og sjukehusvisitt til den skadde var det godt å kome heim att (i taxi!).
Eg har lært at:
- aldri gå nokon stad utan mobiltelefon
- ikkje flytt bilen vekk frå krasjplassen før politiet seier det
- skader ser ofte verre ut enn dei er
- eg hugsar ingenting av alle førstehjelpstimane på skulen
- motorsykkel-taxiar er proffe på uhell - og veldig, veldig hjelpsame
- omtrent ingen på motorsykkel har skadeforsikring, så eit uhell vert fort dyrt for alle som er innblanda.
Ca 30 000 menneske døyr i Bangkok-trafikken kvart år, dvs ca 10 stk kvar dag. Eg er vanvittig glad for at han som møtte bilen min i går ikkje enda opp i den statistikken.