


4 år er ein fin ting å feira, syntes både Jenny og me vaksne. Så, me starta like godt feiringa allereie i sist veke.
18 ungar samla på Gymboree til leik og moro, mat og kake.
Bursdagsbarnet sjølv stilte i ny rosa prinsessekjole og strålte gjennom heile feiringa. Dessverre var prinsessa lite villig til å stille opp til fotografering.
Til høgre ser de vårt beste forsøk på eit gruppefoto.
Sjølve Dagen i dag starta grytidleg med sang, lys, pakkar og coco-crunch på senga til jubilanten. Lillebror ordna villig med frokost medan Jenny streva litt med å vakne.
Etter frokostbesøk med enno meir bursdagssang (og kake!) kunne Jenny 4 år ta plass i skulebussen. Med i sekken hadde ho bøker som nett var pakka opp, og som sjølvsagt måtte synast fram for læraren. Men, aller gjevast var nok CD-spelaren. "No kan eg spela musikk på rommet mitt heilt sjøl".
Takk til alle de som har sendt gratulasjonar via telefon, sms og mail. Dei har, kvar og ein, gleda bursdagsbarnet stort!