Helga etter var det tid for vår årlege kyrkjeleir. Det er lite thaiane er meir glade i enn å reise på tur (bay thiew). Og då køyrer ein ikkje frå A til B, men stopper på alle moglege rasteplasser og tar alle avstikkarar som er å finne. Køyreturen som me (Arne) normalt ville gjort unna på 2 -3 timar tar ofte minst det dobbelte når me reiser saman med våre kristne thai-søsken. Det kan vera ei utfordring med 3 små i baksetet... Vel framme hadde me opptelling: Over 60 stk var med, dei aller fleste ungdomar! Veldig bra og halleluja for vekst i kyrkja!

Når ein reiser på tur har ein det moro (sanuk). Som Dr Nantachai så grundig hadde fortalt på seminaret: "Evangelisering, sosialt felleskap, gudsteneste, kva som helst; noko innslag av leik og moro bør det vera". Leir er jo pr def. leik og moro, så det er klart - alle storkoste seg! I vår familie er det Arne og småjentene som redder oss i selskapsleikene. Dei synes ballong-med-vatn-kasting er gøy og hiv seg utpå i diverse konkurransar.

I kyrkja vår har det økonomisk sett vore eit vanskeleg år, og dei nyttar eitkvart høve til å finne kreative måtar å auke inntektene. På leiren vart det arrangert marknad. Signe selde leiker og snop, og Arne steikte vafler. Stas!
Gevinsten var ikkje stor, ca 160 kr, men sanuk var det iallefall!
Kos dykk med bileta frå leiren, og hugs gjerne kyrkja vår i bøn!