lørdag, mai 26, 2007

Seint, men godt...

Her er altså vår 17.mai feiring frå ambassadør-hagen:













Familien samla, enno relativt nystròkne...


"Verdas raskaste barnetog" - sitat ambassadøren.

NMS-damene var sterkt representert i flaggbæring! Til høgre ser de m.a. Signe og Jenny, i, utan tvil, eit av verdas varmaste barnetog.






















Representanter for NMS-gjengen i Thailand klare for 17.mai-feiring. Borna har fått dagens fyrste is.




4 nydelege jenter i bunad: Jenny, Signe, Line Hallen (6år) og Marte Tveten (som feira sin fyrste 17.mai).













Hipp Hurra for Noreg!!!!

torsdag, mai 24, 2007

Ha- det, Bye, bye, Adios, Ciao, Auf Wiedersehn....

Den siste tida har vore i avskjedens teikn. Me har flytta frå Santikham, frå huset med den store stova og den vesle hagen, og frå Pho Dam og Mae Long i vakta. Det var med vemod me køyrde flyttelasset, men me er trygge på at det var rett å flytta, leikekameratar for ungane er det viktigaste. Det har dei fått no!

I Fantasia Villa 2 (fantastisk namn, eller?!) kryr det av små og store vener. Signe spring rundt og leiker hemmelege ting (som ofte involverer flotte, flagrande rosa kjolar) med Line og Amanda. Jenny går rundt med dukkevogn og ole-brumm bil saman med Holly eller Vanessa. Pappa Arne kan spele fotball på plenen så ofte han vil (og har kondis til), og husets mamma kan drikka te på verandaen med Merete og nyte livet.

Så, livet i Fantasia er ikkje så verst det heller!




Ein avskjed som nok var tyngre enn flyttinga, var heimsending av familien Vidnes. Etter 7 år i Thailand hadde dei bestemt seg for at det var tid for å reise heim til Madla. Me har mista gode kollegar og nære vener, og det vil nok ta litt tid før kvardagen kjennes ”heil” att utan dei. Gler oss til gjensyn i Stavanger til sommaren!

mandag, mai 21, 2007

Teknisk feil...


Grunna manglande internett og generelt kaos i heimen dei siste vekene, har det vore null oppdatering på bloggen.
Det er me i redaksjonen sjølvsagt svært leie for, og lovar bot og betring.
Nytt frå flytting, avskjed og 17.mai i Bangkok kjem ganske så snart, berre vent!

søndag, april 29, 2007

Varmt...

Det er varmt i Thailand for tida. Veldig varmt... I Bangkok, med veldig høy luftfuktighet, er varmen plagsom. Det er varmt og klamt i 35 - 40 grader, og alt vi vil er en tur til kysten for nedkjøling.

Arbeidsdagen på Lovsangshjemmet, i slummen under motorvegen, er ikke mindre svett. På datarommet, med 7 PC'er og ofte 2 unger på hver maskin, føles det som en badstu, varmt og trykkende. Svetten renner av å bare stå stille, og det er godt å komme ut og kjøle seg ned i "vanleg" utetemperatur.


Men, det ser ikke ut til at det plager andre enn meg, ungene står i kø for å få komme inn på PC rommet, og er lei seg når deres halve time er ferdig. De bare ler og smiler av den store mannen som klager og svetter.

Ønsker alle en varm sommer i møte!

fredag, april 20, 2007

På tur til tante i byen

Denne siste veka har me fått kjekt besøk av 2 flotte jenter: Nuy og Cream. Dei er niesene til Phi Noy, og no i sommarferien vill dei kome ein tur til byen. Bestemor på landsbygda var ikkje så ivrig på å sende dei avgarde, og ringde allereie dagen etter ankomst Bangkok få å få dei heim att.... Men, jentene koser seg i storbyen, og for Signe og Jenny er det kjempekjekt med nye venninner.

I går hadde me lova ein ettermiddag i bassenget. Dei var utstyrt med nye badedraktar frå tante Noy, og veldig badeklare då eg kom heim frå jobb. Etterkvart kom det fleire ungar, og det vart mykje latter og hyling. Då Arne kom for å henta oss, etter endt arbeidsdag, fekk han høyra att dei nett var byrja bada. Eg tenkte 2 1/2 time var ei bra stund, men tydelegvis er tidsomgrepet svært relativt, alt etter om du sit på land eller leiker i bassenger.

I løpet av dagane her har dei vorte introdusert for brødskiver og makaroni, begge deler var berre så vidt etande. .. Men rekesuppe så sterk at eg knapt greier svelge, den går ned på høgkant!! Matvaner er ein spanande ting!

Me satsar på at me får ha dei nokre dagar til enno. Skulen opnar ikkje att før slutten av mai, men det avheng vel òg av kva bestemor oppe i Nord-aust vil ...

tirsdag, april 17, 2007

Nytt år i nytt hus!

Me har hatt ferie! Den tredje ny-års feiringa i 2007 er no over... Thai-nyttår, eller Songkran, er den store folkefesten i Thailand, og vert feira 3 heile dagar til endes, 13. - 15-april.

I desse dagane er Bangkok så godt som folketom, "alle" reiser til heimbygda si eller på tur til stranda. Varmeperioden har starta for alvor, og gradestokken kryp oppover mot 40 grader. Det er varmt, både i sola og skuggen no!

Me har i nokre veker no hatt Bestemor og Bestefar frå Forsand på vitjing. Besteforeldre er ein fin ting, og både store og små har hatt gode dagar. Det er tredje Thailands-turen deira, så dei er no for veteranar å rekna. Det er ingen grunn til å tru at dette vert siste turen, for no har dei eit splitter nytt hus (med svømmebasseng i hagen!) i Hua Hin.


Vår vesle familie har gjort eit innskòt i investeringa, og kan såleis òg smykka oss med tittelen huseigar i Thailand! Huset er akkurat passe stort, og med akkurat passe hage utanfor. Ein oase for oss byfolk, når eksos, varme og lyd vert for intens i Bangkok. Fam Hallen og Anne + Be har allereie vore innom på hus-sjekk. Ungane sørga for at bassenget vart grundig innvia.

Me har storkost oss desse dagane, og gler oss allereie til mange late helger i Hua Hin framover. I romjula kjem Bestemor og Bestefar att, og då vert det ny nyårsfeiring i vårt nye hus!

lørdag, april 07, 2007

How are you? What is your name?

Dette året feirer me påske med engelskleir i kyrkja vår...
Langfredag og påskeafta er alle ungane i nabolaget invitert til Santithum kyrkje for engelsk undervisning. Misjonærane er kalt mannsterke (kvinnesterke) inn for hjelp. Finland og Noreg er jo så godt som engelsktalande...
Morgonen startar med musikk og rytme-leik, og me "marsjerer i Guds lys" så det er ei fryd å sjå!


Mi klasse er 7 born i alderen 3 til 8 år, så absolutt ein utfordring å finna eit nivå som passar!
I går var det dyr, fargar og kroppen som var tema.
Mykje leik og moro vart det, og både eg og assistenten min, Signe, var ganske utslitte i taxien heimover. Trøytte, men likevel fornøgd med dagens innsats.

For påskeafta er det planlagt boka om "Lille Larven Aldrimett". Sommarfugl er jo eit gammalt kristent symbol på oppstandelsen, så i dag vert det larver, sommarfuglar og påskebodskapen blanda saman i flotte fargar!

onsdag, april 04, 2007

Ei verdifull oppgåve

Om nokon gjeren vil ha ei tilsynsteneste, er det ei verdifull oppgåve han ynskjer seg. 1.Tim3,1

Dette var tema for årets General Forsamling i ELCT no sist veke. I tre heile dagar var 39 delegatar, og litt fleire observatørar, samla til møte. Me misjonærar er velkomne til å delta, men sjølvsagt utan røysterett, og som de ser på bilete sat me fint på bakerste benk.

I år var det val av ny biskop og nytt kyrkjestyre, og mykje spenning var knytta til valet. I det heile var mykje "action" under møtedagane, så stolane var slett ikkje så harde som frykta... Biskop Visanukorn vart gjenvald til biskop for ein ny 4-års periode, og vår kyrkjelyd Santitham, fekk inn eit nytt medlem i kyrkjestyret. Eit nytt kyrkjestyre (desverre heilt utan kvinner...) er no klare til å ta fatt. Dei treng mykje forbøn, for oppgåvene framover er mange og krevjande.

Under gudstenesta på søndag oppsummerte biskopen det slik: "Aldri har me vel hatt ei mindre stille (dvs veldig mange greip ordet både titt og ofte!) og ei meir tårevåt generalforsamling i Den Evangelisk Lutherske Kyrkja i Thailand".

torsdag, mars 22, 2007

Tankar kring sist søndag...

Søndag var det på ny min tur til å innta preikestolen i kyrkja vår. For ein stakkars misjonær utan så mykje som eit bittelite teologi-vekttal, ligg det timar og dagar med førebuing bak ei preik. Teksten var Den bortkomne sonen, og utfordringa mi var å fokusera på faren, dvs Guds store kjærleik, heller enn den uduglege sonen.

Den språklege barrieren er enno så stor at eg brukar hjelp til oversetjing frå engelsk til thai. Stort sett fungerer det veldig bra, men legg sjølvsagt ein liten dempar på min fridom i forhold til manuskriptet. Denne søndagen var ikkje mindre enn 5 av mine finske misjonærkollegar til stades, og det var elles ganske fullt i kyrkjerommet. Alle får utdelt ark til notater under preika, og etterpå er det høve til kommentarar og vitnesbyrd. Her får ingen sova under gudstenesta med andre ord!

Santitham kyrkjelyd er særdeles flinke til å bidra aktivt, og i løpet av ei gudsteneste er mange framme for å dele sorger og gleder i tru og kvardag. Denne søndagen var det mange engasjerte. Likninga om den bortkomne sonen, den kjærlege faren (og den bitre sonen som venta heime) er eit sterkt bilete på oss og vår Gud, og den rører oss alle. Eg var difor både glad og rørt då eg tysdag morgon traff ein finsk kollega som gav meg eit trykk av Rembrandts bilete, saman med eit "takk for preika di på søndag". Me treng vel alle ei påminning om Guds store kjærleik, og i går gjorde det ekstra godt å kjenna varmen frå kristne søsken, i ein for tida særleg tøff arbeidskvardag.

torsdag, mars 15, 2007

3 jenter Hustrulid

Me har hatt besøk av onkel Åge & co, og før dei reiste heim att til kalde Osterøy fekk jentene prøva seg som fotomodellar ein liten halvtime. Trur dei koste seg, og for oss vaksne var det ingen lett oppgåve å velja. Flotte jenter gjev flotte bilete!


Så, kjære Ingunn og Hilde (og Bente og Åge!): Takk for besøket og velkomen att!

mandag, mars 12, 2007

"Jeg føler mye, du tenker ditt - sammen er vi dynamitt!"

Dette var motto for årets misjonær -møte.






Arne har vore i planleggjingskomitèen, og det er ikkje lite som skal ordnast både før og under MM, når 45 stk skal organiserast og ha det bra. Det har vore ei kjempeveke!

Me starta tysdag med fagforeningsmøte (MAF), der me m.a. diskuterte forslag til innspel på "NMS og framtida"-debatten. Stort engasjement og mange som både tenkte og følte mykje!

Så var det to dagar med Meyer briggs-seminar, der me fekk hjelp til å sjå våre sterke og svake sider. Me to vaksne i denne familien fann ut at me slett ikkje var så ulike, den store skilnaden låg i E og I (ekstrovert og introvert), dei fleste kan vel kanskje gjetta kven av oss som er kva? Utruleg interessant, og noko som kan anbefalast på det varmaste til alle kollegafellesskap.

Fredag reiste me alle til Kanchanaburi og 3 dagar saman i flott natur og gode kollegar. Høgdepunktet var kanskje teambuilding med nifse utfordringar over elver og inni skogen.







Signe og Jenny hadde eige opplegg med aktivitetar og bibeltimar, og fekk godt tid saman med sine vener frå nord-aust.

MM-kvelden var det leirbål og Idol-konkurranse. Signe redda familieæra vår og framførte "Mikkel Rev" i duett med Kari (Johannessen).

Handbok for Thailand slår fast at: "Formålet med misjonærmøtet er å styrkje misjonærfellesskapet".

Mission accomplished!

lørdag, mars 10, 2007

Feiring 4 dager til endes....


Her er det fortsatt 4 år som gjelder, og i dag kan me rapportera om vel blåst bursdagsfeiring med kindergarten-klassen frå St.Andrews. Oppmøtet var heller labert, kun 6 små kom, men det la ingen dempar på feiringa! No i kveld er me foreldre ganske så letta over at ikkje alle 13 kunne koma...

På menyen var spaghetti og pizza og masse, masse brus! I pausen før kakene hadde me leigd inn Caja og Talette (Vidnes) til å underhalda gjestene. Det var kjempesuksess!!!! Små og store lot seg riva med i pakkeleik og bro-bro-brille og lo seg nesten skakke.

Bursdagskaka var sjølvsagt prinsessekake (Ole Brumm perioden er definitivt over), og takka vere Cathrine kunne me by på heimelaga sjokoladekake (hadde så lyst til å ta ære for den kaka sjølv...).

No er det leggetid i heimen, 2 trøytte og oppsøta jenter er klare for senga. Me vaksne skal bare siga ned i sofaen, eta kakerester og kjenna på at det er leeeenge til 5-års feiring, heldigvis!

tirsdag, mars 06, 2007

Prinsesse Signe er 4 år!


JENNY, MAMMA OG PAPPA GRATULERER!
(desverre er vår vesle jubilant sjuk, så all feiring er utsett til helga,
men då vert det nok full fart!)

torsdag, mars 01, 2007

På nye 4 hjul i Bangkok


Etter oppmoding frå fleire går me no offentleg ut med den store nyheiten om at me har kjøpt oss bil!!

Ein mørk blå/grå Mu7 (som eg har lært skal uttalast my seven, my jet, eller my sju, alt etter smak og behag), 2005-modell og 3 rader med seter.

Grunnen til denne stor-investeringa er ganske enkelt at frå 1.februar vart det så kjempedyrt å køyra privat med NMS-bil at valet vart anten skrangle-taxi-utan sele (ja, faktisk billigare med taxi enn firmabil!) eller kjøpa eigen bil.

Så, no er me altså stolte eigarar av bil med ratt på "feil" side! Gratulasjonar mottas med takk!

søndag, februar 25, 2007

Hotell HusHat

Me er midt i ein enorm pågang i besøk frå Noreg, det eine besøket avløyser det andre. Og me koser oss ein haug (imellom jobb, sjuke ungar og bombevarsel...)!

Fyrst ute i januar var Siv Ane, venninne frå gymnas-tida i Sandes (som slett ikkje er sååå veldig lenge sidan). Ho var her i 2 veker, og me fekk litt tid saman til shopping, is-spising og tur til vårt ferieparadis, Hua Hin. Godt å verta litt oppdatert på kvarandre sine liv.




Berre dagar etter at ho var reist, var me atter på flyplassen for å ta i mot tante Karin, Erik, tante Nøva og Gunvald. Dei var berre på kort-kort-visitt, men det vart Grand Palace, Bayoke Sky og lit tid saman likevel. Kanskje særleg Signe koste seg med tanter på besøk som både hadde tid til å "jobbe" saman med henne og lese bok.



For tida har me onkel Åge, Bente, Ingunn og Hilde her i landet. Dei kom 2 dagar etter siste pulje var reist. Dei reiste ganske raskt til Hua Hin, og me fekk nokre dagar der med dei no i helga. Kjekt for oss å sjå att Ingunn og Hilde, som "plutseleg" har vorte flotte ungdommar sidan me reiste frå Noreg. Jenny nyt all merksemd ho kan få, og har hatt gode dagar. Me ser fram til å få dei att til Bangkok ein liten tur før dei reiser heim til Osterøy.

No denne veka er det tid for vårt årlege misjonærmøte. Dei dagane me skal ha møter her i Bangkok, låner me vekk gjesterommet til våre gode kollegar Eirin, Kjartan og Kaja. Både store og små har det fint saman! Meir om MM kjem i neste blogg.

I midten av mars venter me bestemor og bestefar på Forsand nedover. Etter det vert det stille og tomt for gjester. I april og mai får me kanskje tid til flytting og enno meir jobbing, før det vert juni og me skal setje oss på flyet til Noreg. Då vert det oss som kjem på besøk!

fredag, februar 16, 2007

Godt nytt år!


I morgon er det kinesisk nyttår og hunden må vika plass for grisen. Overalt er det pynta med søte små grisar. Grisen er vel ikkje akkurat det dyret me i Noreg har dei varmaste kjenslene for, men for thaiane er gris og lille gris koselege kjælenamn på borna.


Me nyttar høvet til å syna fram vår to nydelege nesten-kineserar kledd til feiring på skulen i dag tidleg:



God nytt (grisens)år, alle saman!

søndag, februar 11, 2007

Signe snakkar... Om framtida

Under kveldsmaten her ein kveld fortalte Signe litt om korleis ho ser for seg framtida:



Signe: Mamma, eg skal aldri flytta. Eg skal alltid bu her med deg.

Mamma: Å, skal du det? Det kan jo vera du vil flytta viss du får kjæreste ein gong.

Signe: Nei, eg skal alltid bu her med deg og pappa.

Mamma: Vil du ikkje gifta deg, sånn som mamma og pappa? Og ha baby?

Signe: Eg vil jo ha baby... Men, eg trenge ikkje ha pappa-mann...

Mamma: Skal du passa på babyen din heilt aleina, du då?

Signe (med eit oppgitt sukk): Eg skal jo bu med deg, mamma!

torsdag, februar 01, 2007

"Jeg vil ha en blå ballong" - eller kanskje ein gul?


I Thailand har dei ikkje berre morsdag og farsdag, men òg barnas dag. Andre søndag i januar er dagen då alle barna vert feira, med pakkar og all verdas morosame arrangement overalt.

Me var invitert i bursdagsselskap og karneval. Uheldigvis, for våre ungar, hadde ikkje misjonærane tanke for denne viktige dagen, og la eit seminar til akkurat den helga.

På skulen hadde dei førebudd barnas dag lenge. Dei hadde undervist om barnas rettar, og alle elevane hadde laga ei utstilling basert på det. Kindergarten sitt bidrag var ”Alle barn har rett til leik” (i skikkeleg Tøfflus og Jon Blund stil). ”Eg likar å spela fotball med pappa og venene mine”, stod det på Signe sitt ark. Arne vart bittelitt stolt…

Måndag var det feiring. Alle barna fekk kvar sin ballong med lapp festa på. Så, ute på parkeringsplassen vart ca 100 ballonger sendt avgarde, til stor jubel frå ungane.

Så, finn de ein gul ballong svevande rundt er det kanskje ei helsing frå Signe!?

onsdag, januar 17, 2007

Mae Nam Chao Praya - Kongenes elv


Chao Praya er den store elva som går gjennom heile sentral Thailand. Frå nord til sør i 372 km renn elva gjennom heile 10 byar, inkludert hovudstaden Bangkok. Mae nam Chao Praya er framleis ein viktig transportveg, både for varer og menneske. Her i Bangkok gjev elva eit annleis bilete av storbyen; Med alle sine ferjer, "long-tail"-båtar, taxi-båtar, lekter-skip og små påhengsbåtar minnar Chao Praya om ei travel handlegate. Bilete til venstre syner eit rolegare elve-liv frå byen Nakhon Sawan, nord for Bangkok.

Me hadde ikkje vore mange dagane i Thailand før vår misjonærkollega Anne tok oss med på båttur på elva. For oss vestlendingar hadde jo det aller beste vore ein tur på sjøen, i skikkeleg saltvatn, men me er takksame for det me har: Ei svær og ikkje blå, men brun, elv med masse båtrafikk og menneske. Ein sighteeing på side-elevene er nesten som i Venezia, berre mykje billigare og inkludert slangesafari...

Under fagdagane til NMS-misjonærane i haust var me på "luksus-cruise" nedover elva. God mat, gode kollegar og eit fantastisk skue frå båtdekket gjorde dette til ein flott kveld.

Ein tur på Kongenes elv er eit "must" for alle Bangkok-fararar! Rundt elva ligg historien til byen. Her lever folk i hus ein knapt kan fatta heng saman, her er tempel i haugevis med gull og glitter, og her finn ein dei flottaste hotell, av nyare dato, som brøyter seg fram og fortel si historie om utviklinga i Thailand.

Etter nokre timar i båt (og tempelbesøk) bør det leggjast inn ein kaffe-stopp m/kake på "elve-verandaen" på Hotel Orientel (eit av verdas (?) finaste hotell). Ein perfekt dag for sjølv den mest kresne turist.

onsdag, januar 10, 2007

Fyrste skuledag


No har òg lillesøster Jenny byrja på skulen. Rett nok berre 1 ½ time fire dagar i veka og saman med mamma eller Phi Noy (open barnehage på norsk?), men likefullt; ho køyrer skulebuss, treff Signe og venene ute på leikeområdet, og måndag vart ho ønska smilande velkomen av rektor (”ho er akkurat som ei lita Signe...”).

Sidan blogg frå denne store hendinga har vore etterlyst, publiserer med herved dei fyrste bileta av Jenny skulejente (vonaleg til glede for bestefar og alle de andre).

tirsdag, januar 02, 2007

2.januar i Bangkok


På ny er Thailand på nyheitene verda over, heller ikkje denne gongen er det god reklame for landet. 10 bomber eksplodert i Bangkok på nyårsafta sender ikkje gode signal inn i eit nytt år.

Me var på nyårsfest saman med fam Johannessen og fam Vidnes her i Santikham, og merka såleis lite til dramaet nede i sentrum. Det prega oss likevel, og mange tankar og bøner gjekk til dei som vart ramma.

No melder avisene her at regjeringa skuldar Thaksin-tilhengjarar for bombene, og at dette er motangrepet som ikkje kom i dagane etter kuppet i haust. Thaksin, som er i eksil i Kina, har avvist dette. Kva som er heile sanninga veit me ikkje, men det kan vera fare for fleire bombeangrep og ambassaden bed oss unngå store folkemengder.

I dag tok me ein tur til Central Bangna (vårt næraste kjøpesenter). Der vart bilen bombesjekka både utanpå og inni, og veska mi (full av kluter og bleier...) vart undersøkt ved inngongen. Me syntes alle desse prosedyrene var litt vel i overkant, heilt til me fekk høyra at eit anna kjøpesenter, litt nord for oss, vart bombetruga i dag tidleg.

Aftenbøna til Signe og Jenny fekk ei sterkare tyding for oss foreldre no i kveld:
Kjære Gud Fader i himmelens slott! Takk for i dag eg har hatt det så godt. Send dine englar å passa på, alle dei store og alle dei små. Så kan eg sova så trygt og godt. Kjære Gud Fader i himmelens slott.

Me bed om rolege dagar for Thailand i 2007!

mandag, januar 01, 2007

Godt nytt år!


Èi glede driv hundre sorger på flukt
kinesisk ordtak


Me ynskjer alle eit godt og glederikt år, 2007!