
Julafta kom og gjekk utan ny lillebror her i huset, men det la ingen dempar på julegleda!
Den store magen sette rett nok ein stoppar for skandinavisk julegudsteneste nede i byen, men elles holdt me programmet som planlagt.
Kl 18 julafta kveld var me samla 17 stk til ribbe, medisterpølse og kalkun i stova vår. Me hadde kombinert julefeiring med fam Hallen, og spisebord og sofa var flytta rundt mellom husa. Ei perfekt løysing, og deileg å ha plass til to familiar og 6 Hald-studentar, NMS-eittåring Robert og bror Martin. Ein kjempeflott gjeng som me skal få sjå meir til utover våren.
Pakkeopning hadde me fordelt utover heile dagen, slik fekk ungane god tid til kvar pakke, alt må jo prøvast med ein gong!
Juletregangen på kjøkkenet til fam Hallen var stas, mens Jenny var heller undrane til denne rare greia... Elles så måtte me forsikra jentene om at nissen kun hadde vore på snarvisitt om natta med julesokken, og var reist attende til Noreg med ein gong etterpå. Dei ville ikkje ha noko av ein nisse som luska rundt her i Fantasia.
Den store julegåve-slageren i år synte seg å vera kaffikrus. I alt vart det pakka opp 12 krus. Det fortente eit eige bilete av dei stolte eigarane.Kl 01.00 tusla me heim, "høge" på sukker og julefest-glede.



Juleavslutning på St Andrews. Jenny var stjerne og sang "twinkle, twinkle, little star", medan Signe og klassen hennar hadde varme vinterklede på og var "Frosty, the snowman".
Kakemennene, bakt etter Besto si oppskrift, er på plass i kakeboksen! 



















Vi bestilte buss med avgang kl 9. Innen den tid var det kommet 30 stk, alle med lapp hjemmefra om at de fekk lov til å være med. Noen stilte dessverre uten lov, og noen var under aldersgrensa på 7 år, så de måtte gå hjem med store tårer nedover kinnet...










