tirsdag, mars 25, 2008

Påske i Thailand

Sjølv etter snart 5 år i Thailand er det lett at påsken "forsvinn" litt, der den kjem etter kinesisk nyttår og før thai-nyttår. Det er lite gule kyllingar og påskeegg å finna i butikkane og me er garantert ei snøfri feiring! Mars, april og mai er sommar og gradestokken kryp oppover mot 40.
Me siterer frå mail sendt frå representanten vår her i Thailand:
Det er varmt ute for tiden, så om noen har tenkt seg ut på tur så husk at ”det er aldri for sent å snu” ….og heller holde seg inne med air-condition på fullt, en god påskekrim, appelsiner og ”Kit Kat” (som likner nesten på ”Kvikk Lunsj”, bare ikke like godt). Ha en god påske!
Me har gjort som sjefen sa, og ikkje vore ute på dei lange turane, heller kost oss på "hytta" i Hua Hin, og i staden for dårleg amerikansk sjokolade fekk me ekte norsk snop å fylla i påseke-egga, jippi!!

Ein liten billedkavalkade over vår påske 2008:
Skjærtorsdags-gudsteneste på LST (Luther Seminar in Thailand, tidl LITE) med fotvasking. Alle fekk prøva seg; etter at føtene var reine måtte ein ned på golvet og vaska neste fot i rekka. Det var stille i den store kyrkja og me fekk god tid til litt "påskemeditasjon" for det var mange føter som ville vaskast denne torsdagen. Ei fin innleiing til påskehøgtida.

Langfredag: Me kortar ventetida på påskesnopet med egge-maling. Her i Thailand er egga brune (brune høner???) og tåler litt hardhendt behandling. Då gjer det ingenting at Jenny sitt egg datt i golvet i pynte-påsketre-iveren...
Påskeafta: Påsekeegg!!!! Med masse snop!!!! Heile to påskeegg vart det på jentene i år! Tusen takk til bestemor og bestefar for eventyrsjokolade (prinsessesjokolade var knallkjekt!) og stor takk til familien Vidnes for kjempe-pakke til store og små NMS'arar her i Bangkok!

1.påskedag: Internasjonal gudsteneste på Hilton hotell i Hua Hin. Godt å skjøne absolutt alt som vert sagt.
På ettermiddagen fekk med gjester, koseleg Kjersti og Hilde! Me fann fram påskeserviettane og gul mango (ikkje akkurat som appelsin i skiløypa, men smakar like godt!).
2. påskedag: Kvardagen har byrja, men me tviheld litt på høgtida og inviterte Hald-teamet ++ innom på middag og medbragt brownies-kake. Toro-posar og Hald-team er ein fantastisk kombinasjon! Lise, Miriam, Hege og Karin - de er flotte jenter! De er høgt beundra av Signe og Jenny!

torsdag, mars 20, 2008

Bestemor og bestefar

No har me fått låna bestemor og bestefar ein heil månad! Me har feira Gabriel sin dåp saman, bestemor sin 60 års dag (er ikkje ho ein flott 60-åring?!), og hatt gode, late dagar i "sommarhytta" i Hua Hin.

I går kveld var me samla heile gjengen til avskjed på flyplassen. "Koffår skal dei reisa igjen?", sa Jenny, "det er urettferdig for meg...".

Og i grunnen er det ganske urettferdig at Noreg er så langt vekke frå Thailand...

onsdag, mars 12, 2008

Prinsesse Signe 5 år!

Så kom endeleg dagen då Signe vart 5 år, ho hadde venta leeeeenge....

Dagen vart feira med barneselskap på søndag.

Bursdagsjenta hadde lenge ønska seg klovn til selskapet sitt, så klovn vart det! Han underholdt både vaksne og ungar og laga ballongar til alle som ville ha. "Klovnen har jo pysj på seg", sa Jenny og holdt seg i trappa med god avstand frå den rare mannen.

Med 23 små gjester, mødre, fedre og "nanny'ar" vart det høg stemning og sterk kaos-faktor! Bilete til høgre gjev ein god illustrasjon på det.

Mamma'en til ei i klassen hadde laga rosa bursdagskake med prinsesesskrone som var stor suksess. Signe koste seg med alle vennene sine, og då gjorde det ingenting om ho måtte vente heilt til slutt med å opne alle dei flotte presangane.

Dette var fyrste bursdagsfeiring utan Caja, Talette og Bettina (de er sakna, ja!), men Ingeborg Anna og Hanna Olise frå Mukdahan kom - og det var kjekt!

No pustar me ut og ladar opp til neste bursdagsfeiring, heldigvis er det lenge til juni!

fredag, mars 07, 2008

Lykken er ein amulett..?!

Thai-buddhismen er ei blanding av Buddhas lære, åndetru (animisme) og diverse andre kulturelle tilpasningar. Dei fleste thaiar eig ein eller fleire amulettar som skal bringa lukke, rikdom eller tryggleik, mange har òg magisk (usynleg) tatovering på kroppen. Amulett-industrien har ein årleg omsetnad på mest 2 milliarder kroner! Dei dyraste og beste amulettane er dei som er velsigna av ein konge eller ein høgt respektert munk.

Ved byrjinga av 2008 kunne me lesa i avisa at 4000 soldatar som er stasjonert i Sør-Thailand hadde fått ordre om å alltid ha på seg ein amulett frå "Kongens soldatar"-samlinga.

"Amuletten gjer at eg kjenner meg trygg, sjølv om eg ikkje har skuddsikker vest", er eit sitat frå ein soldat. Dei som ikkje følgjer ordre og har på seg amuletten, risikerer fengsel i 3 dagar. Denne spesielle amuletten vart ein del av uniformen etter at ei busskolonne med soldatar vart utsett for eit bombeåtak. Femten soldatar vart skada og det synte seg at desse soldatane ikkje hadde amuletten på seg, men hadde den gøymt i ryggsekken...

Kva er den "magiske amuletten" i det norske samfunn? Kva er det me nordmenn stoler på skal gje oss eit lukkeleg liv og fri oss frå farer? Berre eit fåtall meiner lenger at "Vår Gud Han er så fast ei borg...". Kanskje vår "amulett" er eit vakkert ansikt, ein veltrent kropp, eit stort hus med tidsriktig interiør??? Kva er det me trur kan gje oss lukke i livet??

fredag, februar 29, 2008

Friskmeld!

Vinter er influensatid, det er noko alle veit. Vinteren i Bangkok har vore langt frå "normal" i år, med mange regndagar og gradestokk som går frå 27 til 35 grader på få dagar. Slikt vert ein sjuk av! I sist veke såg me at Gabriel nok hadde fått for mykje kos av storsøster Jenny, diverse virus hadde skifta eigar, og Gabriel vart tett i nasen, rød i augene og matlysten forsvann heilt. Pust og hoste høyrdes ut som om han hadde vore storrøykar i minst 40 år, og feberen steig.

Etter nokre dagar fann me ut at det var beste med ein legesjekk. Til vår store overrasking ville legen ha guten vår innlagt, bronkitt er ikkje å spøke med når ein berre er 7 veker gammal.
Dåpsdagen nærma seg og me forklarte til legen at over 100 gjester venta, med bestemor og bestefar frå Noreg i spissen. Ho ville ikkje sende oss heim, men kunne gje permisjon nokre timar. Det gjekk heilt fint, og me hadde ein flott dåpsgudsteneste der både Gabriel og Thanan vart døypt.

Søndag fekk me endeleg kome heim att, og i går vart lille engelen vår friskmeld! Me takkar for mykje forbøn og gled oss over ein smilande gut som no heng i puppen det meste av døgnet!

mandag, februar 25, 2008

Den Store Dåpsdagen






Fylt av glede over livets under, med et nyfødt barn i våre hender, kommer vi til deg som gav oss livet.



Fylt av beven foran ukjent fremtid legger vi vårt barn i dine hender. Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet. Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftes-ord ved døpefonten, dåpens lys forblir når livet slukner. Fylt av undring er vi i din nærhet! Du som bærer verdensrommets dybder, venter på de små og tar imot oss.
Større rikdom enn hva ord kan romme, har du gitt oss gjennom dåpens gave. Herre, la vår tro bli fylt av glede!

søndag, februar 17, 2008

"Sjå kva Gud gjer" - Misjonærmøte 2008

Tittelen på bloggen refererer til tema for årets misjonærmøte. I alt var me samla over 50 stk, mange store og mange små, til seminardagar i bangkok og retreat ved sjøen i Rayong.

Prest Per Arne Dahl og kona Anne var med som ressurspersonar heile veka. Torsdagen starta Anne med bibelundervisning om "en trosvandres kart", fantastisk! Berre dei som ikkje har hatt ein"skikkeleg" bibeltime på fleire år (dvs der ein forstår alle ord og samanhangar) kan skjøne heilt kor fantastisk det har vore for oss med bibeltimar 3 dagar og norsk familiegudsteneste til avslutning søndag. Gabriel "hang" med så godt han kunne...

Elles var det masse tid til soving (Gabriel og mamma'n), is i strandkanten med gode kollegar, bananbåt (for gutta-boys + Kari) og bading i bassenget (Signe og Jenny).

Nybakte mødre sneik seg unna både volleyballturnering og diverse andre leikar, men Arne og jentene heiv seg utpå i det meste. På bilete til venstre ser de kollega Tore og Jenny m.fl som skal forme ein firkant, ikkje alle er like nøye på regelen om bind for augene...


Signe og Jenny var med i "kyrkjekoret" på gudstenesta søndag. Stolte foreldre såg sine små synge "jungelens konge" for full hals. Jenny hadde gledd seg stort til framføringa og hadde hatt generalprøve på badet med mamma på morgonen. Tusen takk til årets Hald-team ++ for bra barneopplegg!

I "gledesrusen" er det lett å gløyme kvardagen, det har dessverre me gjort... Heime på Jæren og Stavanger har me 3 stk som har hatt bursdag under MM-dagane, utan å få så mykje som ei sms-gratulasjon. Me er sjølvsagt veldig leie for det, og sender det varmaste helsingar til Bente Kristin, (onkel) Egil og Åsmund.


Dette siste bilete er eigentleg berre for å gje ein smakebit av strandløvene under MM + å opplyse om at kjekkasen heilt høgre vart eit år nærare 40 i går, men er framleis like flott som for 15 år sidan!




torsdag, februar 14, 2008

Happy Valentine!


Sender masse "hjerte-tankar" til alle våre vener og familie. Ha ein fin dag -og vær god mot alle du er glad i!

onsdag, februar 06, 2008

Fahrang og fastelaven

Det var tett i tett med fahrangar på gudstenesta søndag. 5 nordmenn (på tur med Ravinala reiser) og 6 finnar + 5 misjonærar og barn fyller ganske godt opp i eit lite rom. I ekte thai-stil vart det sjølvsagt tatt bilete. Så, her er me, alle saman!
Evangelisten vår var kjempeglad og hadde førebudd 2 runder med offer-posane sidan me hadde sånt fint besøk. "Takk Gud", sa alle i kyrkjelyden og gjorde sitt beste for at utlendingane skulle få ein fin søndag føremiddag.

Og ei minnerik oppleving vart det. Då me avslutta gudstenesta syngjande, i ein stor ring rundt heile rommet for å ta imot nattverden, var det flott!

Vel heime vart me invitert på kaffe til våre gode kollegar og naboar, Heidi og Jari. Dei serverte boller med krem. Ein finsk tradisjon søndag før fastetida, forklarte Heidi.

Ååå, er det fastelaven i dag?? sa me. Og det var det visst... Sånn går det når me ikkje eig ein einaste norsk kalender!

Inspirert av fotoseansen tidlegare på dagen tok me eit fint og oppstilt bilete av våre finske vener, Gabriel og dei før omtalte fastelavensbollene.

mandag, januar 28, 2008

Etter endt arbeidsdag...

Gabriel var heile 4 veker gammal i går, så no var tida inne for å gjere ein innsats for kyrkje, land, folk osv...
I dag var det tidleg opp og avgarde på jobb. Faktisk så tidleg at Gabriel stilte sovande og i pyjamas på sin fyrste dag på kontoret. Men, etter bleie-og klesskift på misjonens pengesafe var han klar for dagen. Medan mamma'n vart oppdatert på siste nytt, vandra Gabriel frå arm til arm og kontor til kontor.
Til slutt vart det nok litt mykje, og ein sliten liten gut sovna på sofaen inne på NMS-kontoret, så utruleg spanande var ikkje rekneskapsavslutning og rapportar.

Vel heime var det to jenter som hadde sakna lillebror; Ingenting er som å kome heim etter ein slitsom arbeidsdag!

lørdag, januar 19, 2008

Thailand i raudt, kvitt og blått

Historia til Thailand fortel om store og sterke riker med mektige kongar som regjerte over store område. I motsetnad til alle sine næraste naboland (Burma, Laos, Kambodjsa og Malaysia) har Thailand aldri vore styrt av ei europeisk kolonimakt. Men, Thailand er ikkje ei land med ein einsarta kultur, landet er stort og famnar om mange ulike kulturar, språk og historie. Å byggja nasjon er ein prosess som aldri tek slutt, og i eit land med mange ulike folkegrupper er det ei ekstra utfordring. Flagget som vaier overalt her i Bangkok, kongehuset, flotte paradar på festdagar og nasjonalsangen som vert spela på radioen 2 gonger til dagen er viktige symbol i nasjonsbygginga.


I Thailand er nasjonalkjensla sterkt knytta opp mot buddhismen og monarkiet, og flagget symboliserer dei tre einingane nasjonen (raudt), buddhismen (kvitt) og monarkiet (blått). Nokon som veit kva fargane symboliserer i vårt norske flagg?? Iallefall, ein tøyser ikkje med flagg, verken her eller i Noreg. På St.Andrews har dei flaggheising kvar dag presis kl 08.00, og kven som får æra av å heise flagget går på rundgang blant elevane. Fredag var turen kome til Signe, og ho stilte stolt og spent på skulen ekstra tidleg (med pappa og kamera på slep). Sidan klassekameraten, som skulle vera med var for seint ute, fekk lillesøster Jenny steppa inn. Stas!


Kongen har erklært landesorg i 100 dagar her i Thailand, grunna dødsfallet av prinsesse Galyani, kongens eldre søster, og ein flaggar difor på halv stang. Det la ingen dempar på entusiasmen til våre to jenter.



torsdag, januar 17, 2008

Mammapermisjon

Kvardagen som trebarnsmamma i permisjon har starta! Arne byrja på jobb att denne veka og skulen har starta for jentene, så no er det berre mamma og Gabriel heime på formiddagen. Heilt aleine er me no ikkje, for i Fantasia er det fleire småtassar og heimeverande mødre.

No i veka inviterte me nokre av fruene (som på ingen måte er frustrerte!) til lunsj og jenteprat. Heile 6 ulike nasjonar er representert i gjengen de ser på bilete; Finland, Storbritania, Fillippinene, Sør-Afrika, Thailand og Noreg. Er me ikkje priviligerte som få bu i eit så fleirkulturelt miljø?!

Elles så har me hatt eit jamnt "sig" av folk på besøk desse to vekene etter fødsel. Me rekna etter og fann ut at over 60 besøk, med stort og smått, har vore innom for å helsa på Gabriel. Litt slitsomt til tider, men så veldig, veldig kjekt òg!

Men, då kyrkjelyden vår ringde sist veke og ville koma ein tur, vart det litt mykje... Me valde då heller å ta med vår vesle engel til kyrkja for å la alle helsa på der. Sidan me òg inviterte på lunsj, hadde dei sjølvsagt laga "fahrang-mat"; Spaghetti og kvitlauksbrød. + ein suppe-dessert som var god for nybakte mamma'er. Så omtenksomt!

Gabriel sov seg gjennom heile gudstenesta, ja, faktisk det meste av søndagen (faren måtte vekka han til slutt), og var tydelegvis litt sliten av å vera ute på tur.

På bilete ser de evangelisten vår som er borte for å helsa på, utan at Gabriel gidder opne augene av den grunn...

Heilt til slutt: Her er eit bilete av den yngste besøkande, Thanan på 7 veker (til høgre), saman med Gabriel. Ikkje verst at han kom reisande heilt frå den andre sida av Bangkok for ein snarvisitt. Me reknar med at Gabriel og Thanan kjem til å ha mykje løye saman i åra framover!

søndag, januar 06, 2008

Helsing frå Gabriel

Hei! Eg er Gabriel!
I dag er eg ei heil veke gammal, men eg veit enno ikkje heilt kva eg syns om livet utanfor magen...

Det har vore besøk her kvar dag, berre for å helsa på meg. Alle seier at eg er veldig "låå", dvs nydeleg/kjekk, også vil dei halde meg litt. Storesystrene mine vil halde meg aller mest, dei skal susse og klemme heile tida òg. Pappa seier at eg er veldig snill som let dei styre i veg.

På fredag var eg hjå doktoren og vegde meg, tok sprøyte og høyretest. Alt vel, og vektkurva mi tok visst heilt av, for eg hadde lagt på meg masse, masse. Det er fordi eg drikk melk heile natta, sova er for pyser!

For at mamma skal laga god melk har ho fått masse rar medisin av dei som har vore på besøk. "Birds nest" heiter det, og er laga av fuglereir som fuglen har bygd med spyttet sitt. Innheld visstnok masse kalsium, jern og andre sunne ting. Yummi, yummi...

Forresten, eg har vorte ganske store, ikkje sant? Tøff bamse eg har fått, eller?? Har de andre ein bamse like stor som de sjølve, kanskje???

fredag, januar 04, 2008

Jula er enno ikkje over...

Før jula er heilt over, og juetreet pakka vekk for i år, må me få med ein blogg om årets store fest i slummen: Lovsanghjemmet sin julefest, 19.desember.


Det har vore fast tradisjon i fleire år at Lovsangshjemmet markerer julehøgtida med ein fest for store og små i nærleiken. Ein ynskjer å gje alle eit innblikk i julebodskapen og la stolte foreldre/besteforeldre få sjå kva ungane deira har lært gjennom året på HoP.

På programmet var det dans-, fiolin-, og sangframføring, i tillegg til at dekorasjonane ute var laga av ungane, ein utandørs kunstutstilling m.a.o. Biskopen var òg med på festen og hadde andakt om kvifor me feirer jul.


Det var gjengen som arbeider på ettermiddagsaktivitetane som hadde ansvaret for arrangementet, og det vart mange planeggjingsmøte og innkjøpsrundar i dagane før.


I alt vart det kjøpt inn gåver til over 250 born i ulike aldrar, 60 sekkar ris måtte skaffast til utdeling til den eldre generasjon, eit passe stort lyd og lysanlegg skulle på plass, og eit variert underhaldningsprogram måtte øvast inn.


Til venstre ser de ei glad lita jente som hadde pynta seg til julefesten, og bilete til høgre syner ei glad bestemor som skal heim med julegåva si; Ein sekk med ris.
Ingen fest utan god mat! Damene i nabolaget tok utfordringa og stod med grytene frå tidleg morgon av. Litt av ein jobb når over 400 menneske skal mettast! Mogleg at kjøkkenet ikkje hadde vorte godkjent av mattilsynet heime i Noreg, men det var ingenting å seie på maten. Den var kjempegod og akkurat slik en festmat skal vera!

Her er matkøen:

Utpå kvelden rusla alle heim, med pakke under armen og godt nøgde med festen. Oppryddinga vart gjort i rekordfart, alle var med og tok sin del. Ingen sak å arrangera fest for så takksame festdeltakarar!


Eg er takksam for å få vera ein del av teamet på Lovsangshjemmet, og å få arbeida med flotte born og unge i Klong Tøy-slummen!


Arne.

mandag, desember 31, 2007

Når 2 vert til tre, fire og til slutt 5!


Då vår etterlengta vesle baby endeleg bestemte seg for å forlata mamma sin mage, gjekk det forferdeleg fort! Ingen grunn til å vente lenger! Litt over kl 23 søndag 30.desember vart Gabriel fødd. Han var akkurat passe stor, 3610 gram, og veldig lik pappa`n sin.

Så, kjære vener: Me vil gjerne få presentera vårt nye familiemedlem, Gabriel: