søndag, juni 18, 2006


Feiring i gult

Her i Thailand har det vore storfeiring i veka som gjekk. Kong Bhumibol Adulyadey av Thailand vart regjerande konge Rama IX 9.juni 1946, berre 18 år gamal. Han feirer altså 60 år som monark i år. Sidan kongen er fødd på en måndag, og det er dagen for den gule fargen, vart gult kongefargen. (Arne er forresten fødd på ein tysdag, som er rosa, så no veit de kva som er fargen når han skal feirast...)

Kongen av Thailand ikkje "som ein av oss", han har tilnærma gudestatus her i landet, og kritikk eller fornæming av kongen eller kongehuset vert straffa med fengsel.

Kong Bhumibol er høgt elska av thaiane, og han har i desse 60 åra gjort mykje for folket sitt. Han er eigentleg utdanna ingeniør, og har utforma mange jordbruksprosjekt til hjelp for dei fattige, i tillegg til sosiale ordningar som utdeling av medisiner, mat, skulebøker etc.

Me har vorte svært så royalistiske, og gått i gule t-skjorter mest heile sist helg. Signe hadde både t-skjorte og shorts i gult då ho gjekk på skulen fredagen. På bilete saman med skulebussjåfør og assistent (+ lillesøster). Ho kom heim att med gult kort med bilete av kongen, og forkynte for alle at "I love the King! Det varma eit republikansk morshjarta...

onsdag, juni 14, 2006


Koffår? Koffår det?

Alt som skjer må ha ein grunn. Det meiner iallefall Signe. "Koffår?" og "Koffår det" høyrer me ganske ofte for tida.

"Koffår lage Gud det sånn at me ikkje kan drikka pupp når me e 3 år?"

"Koffår hette hu Marte?"

"Koffår må du jobba?" "Koffår må eg på skulen?"

Og no sist: "Koffår lage Gud sånn at neglene vokse...?"

Livet er eit mysterium.

lørdag, juni 10, 2006


Vår lille prinsesse 1 år

Du - en strålende juvel, en
sol, en skatt - tryllet frem av
en allmektig skaper.

Gratulerer med dagen, Jenny!


torsdag, juni 08, 2006


Heime er der hjarta er...

- Og hjarta mitt er så absolutt i Thailand. Det var veldig godt å kome heim att til Arne og Signe, etter ein fine dagar i Noreg med familie og vener. Då me reiste frå Osterøy skein vårsola nydeleg over fjorden, og løvetannen lyste i vegkanten. I Bangkok regna det...

Det gjorde i grunnen ingenting, me reisande var surrete etter ein lang flytur, Signe vart travel pakka opp alle pakkane frå Noreg og Arne fekk jobb med å finna plass i frysaren til all sjokoladen.

I går var det attende til "normalen". Iallefall nesten. Eg vart vekka kl 12, "skal ikkje du på møte?". Det skulle eg. Det var møte i LMT (Lutheran Mission in Thailand), og eg skulle t.o.m. vera referent. Med jetlag og det heile.

Vel heime att var det ein liten snartur innom bassenget, Signe hadde lært å symja, før me gjekk rett i bursdag til Sigve (Vidnes) og kjempegod sjokoladekaka.

På kvelden vaksensamling hjå fam Johannessen,her representert med våre to gode, og veldig gravide, kollegar, Anne og Maria.

Det vart nærare midnatt før dagen var omme. Då var Jenny i superslag. Ho hadde sove til kl 14, og var på sitt mest sjarmerande når me andre berre ville sova... Ikkje lett å snu døgnet sånn på 1-2-3.

I helga vert det fest! Meir om det i ein anna blogg.

Ha ein fin dag alle saman!

Anne Brit

lørdag, juni 03, 2006


Sommar og sol i Noreg

Ha, ha, det er er det iallefall ikkje... Sjå, så mykje klede eg må ha på meg når eg vil ut ein tur her på Osterøy!! Er litt løye òg med strømpebuksa og teppe i vogna, men lue... Det er noko stort tull!!

Eg har vore i Noreg i 9 dagar no, og snart skal eg og mamma heim att til Signe og pappa. Det gler me oss til! Doktoren sa at hoftenene mine ikkje er noko bra, men at me kunne venta å sjå til neste år. Eg kunne bare byrja gå, sa han. Så, no øver eg som best eg kan! Bestemor sa at eg gjekk eit steg til henne i sist veke, men det har eg gløymt no.

Desse dagane eg har vore her har eg sove hjå Bestemor og Bestefar 4 netter, tante Britt og onkel Egil 1 natt, Annette og Lars Petter 1 natt, Heidi og Kristian 1 natt og Besto og Besten 3 netter. Og så har eg besøkt alle onklane og tantene mine, sete på fanget til oldefarmor og oldemorfar, leika med 3-menningar, vore på open barnehage i Åsane kyrkje og festa i Janne sin konfirmasjon. Er litt forvirra, men eg tviheld på mamma, og passer på at ho alltid er i nærleiken.

I morgon skal me til Lukas, han skal døypa seg, og eg skal ha bunad på. Så, på måndag må eg på flyet til Bangkok. Trur det vert bra. Men, det er litt kjekt når det er kaldt òg. Mamma seier eg luktar så godt fordi det er så frisk luft her i Noreg.

Til de i Thailand: Vær klare, no kjem eg snart heim!

mandag, mai 22, 2006


Dokumentar frå Signe fotograf: Grillfest med kyrkje-vener.

I helga inviterte me kyrkjelyden vår, Santitham, på grill-lunsj heime hjå oss. Det var eit heilt år sidan sist, så det er noko me har tenkt på lenge. Varmetida er no på hell, og det har regna mest kvar dag i det siste. Me tok ingen sjanser, og dekka til langbord under tak. Grunna kort varsel var me ikkje mange denne gongen, men koseleg å få tid med dei som kom. Signe hadde gledd seg til Pi Send skulle koma, ho er 8 år og har ei heil veske med sminke som Signe er veldig facinert av... Etter som timane gjekk og ho ikkje kom, tok vår lille "storesøster" mamma sitt kamera og fotograferte det meste. Som de ser av bileta var det heller avslappa atmosfære inne i stova. Medan mennene ordna med grillen, sat me jentene inne og las om Osterøy og såg på bilete av vestlandsnaturen. Noreg er jo så flott!! Og så god plass som det er!! Det er nok ikkje problem å finna parkeringsplass der, nei!


Grillmaten var kjempegod. Potetsalaten til Arne vart stor suksess, så risen fekk stort sett stå i fred. Dette var dagen for norsk mat.


Før alle fòr heim att, samla me oss til lovsong og bøn. Våre nye Phibun-naboar vart òg med, til glede for oss alle.

Ein flott dag. Me er heldige som får vera ein del av det kristne felleskapet her i Thailand.

fredag, mai 19, 2006


Vår 17.mai i bilete...


Her er dei to jentene våre, Signe og Jenny, i nordhordlandbunad. Tusen takk til Besto på Osterøy.



Me starta dagen med skikkeleg norsk frukost på sjømannskyrkja. Signe likar godt brunost.



Så var det 17.mai-tog! Jenny sov seg gjennom denne varme seansen, medan Signe var svært så ivrig på hurra-roping.


Signe prøver kast-på-boks. Får litt hjelp av Caja m.fl. Bunaden er bytta ut med sommarkjole tilpassa klima i Bangkok...

Jenny får smaka is for fyrste gong. Ganske godt! Berre synd at mamma tok mesteparten...

Så var det grilling i Santikham for små og store NMS'ar.

Det er berre 363 dagar til neste 17.mai, me gler oss allereie...

onsdag, mai 17, 2006


Hipp, hipp hurra!!! Gratulerer med dagen!!

mandag, mai 15, 2006



Det norske kjøkken

Når det no "livnar i lundar og lauvast i li" heime i Noreg, vert det nok litt ekstra heimlengt å kjenna her i Thailand. Så, me laga like godt, 2 dagar før sjølve Dagen, ein skikkeleg komlemiddag her i Santikham. Med oss rundt bordet var våre kjære naboar familien Vidnes. Det meste var å finna; kålrabistappe, poteter, pølser, gulerøter, bacon, kjøt (dog ikkje salta) og den fantastisk gode potetballen, som bestemor ville ha sagt.

Me let bileta tala for seg sjølve, saman med Sigve sine ord:
Komlår må jo ver den beste oppfinnelsen, ever...

fredag, mai 12, 2006

Vener på thai og fingerspråk

Det er kanskje på tide å presentera våre gode vener, Bå og Viroj. Me traff familien med lille nong Pæ i spissen på vår fyrste ferietur til stranda hausten 2003. Signe og nong Pæ er like gamle, og har sidan fyrste møte hatt stor glede av kvarandre. Etterkvar vart nong Po fødd, og då Jenny kom var han ein sjølvsagt kjærestekandidat...

Når me no reiser på tur er det full bil og ganske så høgt lydnivå, men aldri keisamt!

Nokre gonger kan det vera ei utfordring med venskap på tvers av kulturar. Språkvanskar gjer jo heller ikkje relasjonen lettare. Men, me tek det som ein læringsprosess både i thaikultur og i kommunikasjon.

På nyåret kjøpte dei seg nytt hus rett utanfor Bangkok. Stor hage og lite anneks med plass til gjester. Så, no har me "hytte" i byen!

mandag, mai 08, 2006


Bygge Guds rike, bygge Guds rike her på jord...

Den lutherske misjonen i Thailand har hatt sitt årlege møte i helga. Me var samla saman med våre kollegar frå Finland, Singapore, Japan, Australia og Thailand. Tema for møte var "Spirit of Unity", og det vart fokusert gjennom heile helga. Programmet var fordelt mellom dei ulike misjonane: Finske misjonærar var ansvarlege for bibeltimane, opplegget på familiekvelden laurdag hadde Singapore, Japan og Australia, og våre norske NMS-kollegar i Nord-aust gav oss ei flott gudsteneste søndag. Det var ei helg der me fekk masse "påfyll" i form av sosialt samvær, tid til bibelstudie, bøn og meditasjon + familietid saman i bassenget eller på leikerommet.

Signe var kanskje den som hadde det kjekkast, ho hadde alle sine "store" heltar samla (Caja, Talette, Ola) i tillegg til at ho storkoste seg saman med lille-Kaja og Henrik.



Dei eldste ungane, særleg Bettina og Caja, gav oss god avlastning med Jenny. Men Jenny er ei dame som veit kva ho vil, og stort sett vil ho vera der mamma er...

Så, ei flott helg, men veldig godt å vera heima att...

onsdag, mai 03, 2006


Sommerferie på Lovsangshjemmet

Det er nå en etterlengtet sommerferie på Lovsangshjemmet. Etterlengtet ikke først og fremst pga stort arbeidspress, men like mye grunnet altfor varme arbeidsdager og et senter som sårt trenger en oppussing.

Det er nå på det varmeste i Bangkok med temperaturer opp mot 37 grader i skyggen, og det er enda litt varmere inne på datarommet med 7 maskiner og ivrige unger. Da er det en utfordring å konsentrere seg og å snakke thai... Begynte å ha med egen svetteklut til pannen for å unngå sviende øyne når svetten renner som verst. (har tilgode å oppleve det i Norge...)

Inne på datarommet var det et stort hull i gulvet som minst èn unge tråkket ned i hver dag. Hadde en først vært så uheldig, sank foten nedover i gjørma til langt oppover låret og en fikk hjelp til å bli dratt opp.

Takket være innsamling fra TV-Vest og basar på Forsand har det nå i ferien vært full aktivitet. Vegger og gulv revet ned, og nye fundament lagt. Var en tur innom i sist uke for å se hvordan det gikk. Her ser dere bildene av datarommet.




Etter planen skal senteret åpne igjen på mandag. Med like høye temperaturer, men med tette trygge gulv og forhåpentligvis til stor glede for barna i slummen.

PS! Det var ikke penger til air-con i denne omgang, men kanskje neste gang... DS

fredag, april 28, 2006


Kjært barn....

.... har mange namn, heiter det. Og det er Jenny så absolutt! Det er særleg Signe og mamma'en som er kreative på namneområdet.

"Olli bolli" er ofte brukt når Jenny sklir opp og ned på fanget og hyler mens ho fekter vilt med armane.

"Tingeling" er det siste nye, etter sin nydelege lille namnesøster og "ling" som er apekatt på thai. No klatrer ho rundt både der ho kjem til, og der ho til slutt set seg fast... I går kom ho plutseleg opp trappa, veldig
blid og fornøgd!!

Av og til er det "Bæsje-gui" (som er Signe sin favoritt), då lukter det ikkje godt...

Men, som regel er det berre "Jennymor". I dag meiner mamma og pappa at dei høyrde Jenny seie høgt og tydeleg "Jenny", og det t.o.m. med norsk tonefall! Dette lover bra!


Nyt bileta av vår lille prinsesse, er ho ikkje fantastisk?!

onsdag, april 26, 2006


Gjensyn med Då

Dagane fyk avgarde, som kvardagane ofte gjer... Men, på fredag fekk me ei kjærkome overrasking: Då kom på vitjing til oss! Nokre av dykk hugsar sikkert at me har fortalt om han i tidlegare fellesmail. Då budde under ei bru i slummen i Bangkok, utan familie og med sniffekluten som følgjesven. No har han budd 2 år på barneheim, er avrusa og går i 3.klasse.

Veldig kjekt å sjå han att! Har vorte ein stor gut på 11 år, smilande og ser ut til å ha det bra. Han kom til oss saman med "mamma" Anne, godt å sjå den kontakten dei to har.Me hadde ikkje sett han på nesten eit år, og trudde ikkje at Signe ville kjenna han att. Men, det tok ikkje mange minutta før dei fann tonen, slik som før, og dei tulla og tøysa i massevis. Jenny fekk òg vera med, og koste seg saman med dei to andre.

På kvelden, etter spaghetti og masse is,vart Då trøytt og ville heim, men han lova å koma att om ikkje lenge. Me ser fram til det!

tirsdag, april 18, 2006



Aleina igjen....

Så har dei altså reist; Kristin, Elin, tante og onkel. I skrivande stund er dei ein stad mellom København og Bergen. Dei forlot Thailand med 36 (!) par sko, sticky rice-gryte, thaisnop og veldig, veldig brune... Me sit att med masse påskesnop, nugatti, leverpostei og makrell i tomat i kjøleskapet

+ totalt hekta på sudoku...


Og, sjølvsagt, me skal leva lenge på ein masse gode minner frå ei flott påske!
Dei har allereie (nesten) lova å kome att!


No kjem neste pulje frå Noreg 17.juni. Jan Kåre og Stein Gunnar: De er hjarteleg velkomne!

lørdag, april 15, 2006


Koh Samet

Sist måndag reiste me på dagstur til Koh Samet, ei lita øy på austsida av Thailandsbukta. Heile øya er ein nasjonalpark, og har nydelege strender med kvit sand og klart, blått vatn. Eit paradis, med andre ord. Det har ikkje alltid vore idyll; Visstnok var øya tilhaldsstad for piratar som herja langs Thailands kyst. No var det lite sjørøvarar å sjå, berre ein masse turistar (thaiar og tilreisande) og seljarar av ymse slag som patruljerte stranda.

Me tok ein speedbåt frå fastlandet direkte til Hat Sai Kaew (glassandstranda), som er den lengste og mest populære stranda. Der var me langt frå aleine, men det var heller ikkje plagsomt mykje folk. Me bada, solte oss og åt kylling og ris på ekte thaivis.

Slitne av masse sol og bading forlot me Koh Samet på ettermiddagen. Fleire av oss med ny hudfarge (kledeleg rosa), og nok sand i kleda til ein skikkeleg "bodyscrub". Deilig med ferie!

onsdag, april 12, 2006




Verdensvid glede - Misjonærmøte 2006

Ei heil veke var me samla, misjonærane i Thailand, Kina og Japan, til fagleg/åndeleg/sosial samvær. Dagane vart lengre enn langt, det var mykje som skulle inn på programmet. Måndag til onsdag var me alle i Bangkok, før me fekk høve til å kjenna sjøbris og nyta sol og varme på Purimas Resort i Rayong.

Samla var me over 60 stk (med alle store og alle små), og me var ei ganske så samansett gruppe. Me frå Thailand var dei yngste både i alder og utanlandserfaring, våre "eldste" er familien Johannessen med 8 år i Bangkok. I Japan, derimot, var snittet nok nærare 20 år på misjonserfaring. Sånt vert det spanande diskusjonar og meiningsutvekslingar av!! Me har lært ein masse.

Barna hadde sitt eige opplegg, og Signe fekk ta opp att kontakten med Ingeborg Anna, Caja og Henrik frå nord-aust. Ho koste seg! Det gjorde ikkje Jenny. Ho var veldig misfornøgd med at mamma og pappa ville høyra på

div foredrag. Det var rett og slett keisamt, noko ho gav ofte uttrykk for, høgt og tydeleg!! Bilete over syner Jenny som omsider har sovna. Slitsomt å vera møteplagar...

Me har fått glimt av verdensvid glede (og frustrasjonar og utfordringar) i Asia. Mange flotte kollegar både i Kina og Japan har me òg. Her i Thailand drøymer me no om misjonærmøte 2008 i Japan med ski og slalombakkar...