torsdag, november 30, 2006

No er det jul igjen...

Søndag var det barnas dag m/juleverkstad på sjømannskyrkja i Pattaya.

Dagen starta med felles lunsj og koseleg prat med den norske kolonien i Pattaya. Jammen er det mange kjekke nordmenn i utlandet! Etterpå hadde var det før-julsandakt med opning av ein kjempestor pakke. Den aller største julegåva må jo vera ein kjole, meinte Signe. Satser på at Cathrine fekk korrigert det...

Så var det juleverkstad med glanspapir i alle fargar og storproduksjon av julekort. Signe var ivrig med på klipping og liming.

Jenny, derimot, arbeidde konsentrert ute ved bassengkanten.

Glade ungar gjev blide foreldre, så dette var absolutt ein god dag!

fredag, november 24, 2006

Ferie i Hua Hin


Hua Hin er ein liten by som ligg berre eit par timars køyretur frå Bangkok. Byen vart kjent som Thailands fyrste glamorøse ferie-resort allereie i byrjinga av 1900-talet då kongen, Rama IV, bygde seg eit sommarpalass ved sjøen.

I dag er Hua Hin framleis kjent som feriestaden til dei kongelege (dagens konge, Rama IX, er meir eller mindre busett her), men har òg vorte eit svært så populært feriemål for turistar, og då særleg skandinavar.

Gjennom våre 3 ½ år her i landet har me funne vår vesle oase i Hua Hin. Her er det palmer, strand, vind og sjøluft. Ein god stad å vera!

Vår siste ferieveke for i år nyt me no her ved kysten. Besøket vårt frå Noreg er med, og store som små koser me oss!

Bakover-salto (utan skru)

Her er det liv ved frukostbordet! Det er til tider mykje lyd og (altfor) mykje aktivitet når 4 born i alderen 9 mnd til 4 år + foreldre skal få i seg litt mat ein sein morgon.

Signe skulle berre gå frå bordet på sin eigen måte då heile stolen vippa bakover og ho krasjlandet i glasskap-reolen rett bak. Då me såg at håret hennar plutseleg skifta farge til raudt, skjøna me at her var det meir enn ein liten kul. Godt at me har sjukepleiar-Annette her!

Avgarde til sjukehuset og inn på akutten. Ein heller traumatisk oppleving både for Signe og mamma’n, med ein lege som ikkje var særleg interessert i å venta til bedøvinga virka og heller satsa på sterke sjukepleiarar til å halda ein skrikande unge…

No er det 3 blå sting i hovudet på vesle-jenta vår, og kontroll på sjukehuset kvar dag. Det er vel ein merkedag for alle foreldre fyrste gong ein av dei små må til legen for å sy, ikkje sant?

torsdag, november 16, 2006

Smittsame sjukdomar og krokodiller

I dag tidleg kom Signe til låst dør på skulen. Kindergarten var stengt grunna hand-fot-munn-sjukdomen (har den eit norsk namn?). Med 5 sjuke born dei siste to vekene, fekk dei andre foreldra panikk og holdt borna sine heime frå skulen. Alle unntatt oss, då...

Signe var i grunnen fornøgd med å kome heim att sidan me for tida har besøk av Sverre (4 år). Sverre ferierer saman med lillebror Åsmund, mamma Annette og pappa Lars Petter. I dag hadde dei tenkt seg ein tur i krokodille-parken, og grunna skulefri fekk Signe vera med!

Utstyrt med rosa veske, solhatt, solbriller og ny solkjole var ho klar for tur! Stas å reise sånn utan mamma og pappa! Vel heime att kunne ho fortelje om små krokodiller og store krokodiller og at ho hadde fått is.

No satsar me på at ei eventuell smitte har prella av Signe og at me om ikkje lenge er attende i normale rutinar att.

onsdag, november 15, 2006

Loy Krathong


På fullmånenatt i den tolvte månefase- månaden (som oftast i november), når vatnet i elvene er på det høgaste og månen lyser som klarast, feirer Thailand Loy Krathong, eller "lystes festival".

I Buddhistisk tradisjon er Loy Krathong til ære for elvegudinna, og ein skulle på denne dagen takka for vatnet ho gjev og bed om tilgjeving for forureining etc i elvene. I dag er Loy Krathong kanskje den største nasjonale festdagen her i landet, og store og små deltek i feiringa.

Signe hadde laga krathong (blome-oppsats) både på skulen og saman med Phi Noy, så me var godt utstyrt til feiring! Me møtte våre vener Bo og Viroj + born på ein elve-restaurant litt utanfor Bangkok. Der åt me sjømat i alle variantar og smakar (litt for mykje rart for nokre av oss...), før me tende på lys og røykjelse og sende krathongane nedover elva. Jenny var i grunnen mest oppteken av fiskane nede i vatnet, og Signe vart kjempeskuffa då ho skjøna at den fine krathong'en hennar ikkje kom attende, men forsvann bortover... Eit løfte om is gjorde at me fekk redda dei begge frå å havna i elva.


Me hadde to blide, trøytte og klissete jenter i baksetet på veg heim.

lørdag, november 11, 2006

Trøyst frå gode vener

Kvelden etter gravferda til Vanilla ringjer det på døra. Der står vakta i porten med ei eske... Tigger hadde vore på tur ute i gata, heilt aleine i mørket. Då kom det ein bil i stor fart...

Så, me mista altså begge kattane vår på to dagar.

Talette og Caja (Vidnes) har, med sine 6 år i Thailand, erfart kor kort eit katteliv kan verta, så dei ville gjerne trøsta. Og kva er ei betre trøyst for Signe og Jenny enn ei splitter ny leike med små dubbedingsar og lyd?

Pingvinar i rusjebane vart ein stor suksess. Både store og små har leika saman dei siste dagane. Men, det som jo trøysta aller mest, var omtanken som låg bak. Tusen takk, Talette og Caja! De er to svært viktige personar i våre liv!

mandag, november 06, 2006

Er det kattar i himmelen?


No vonar iallefall me at det er rom òg for kattar i himmelen. Lillepus Vanilla kom nemleg under ein bil i dag og døydde... I ettermiddag var det gravferd,med eit heilt lite gravfølge, bak i hagen.

Dette har gjort at me i dag har fått særs mange spørsmål og undringar kring døden frå Signe. - Kvifor kan ikkje Gud gjera at Vanilla ikkje er død lenger?

Arne og Signe gravde grava tidlegare i dag, og Signe syntes ikkje det såg noko fint ut å måtte ned i jorda. "Kan ikkje Gud berre henta Vanilla før? Må alle dei døde ned i jorda og verta skitne fyrst?" Og, "når kjem eigentleg engelen til Gud og hentar Vanilla? Ser me Han?"

Det fine er at me har Tigger att. Han låg og "lagde lyd" i fanget til Signe no i kveld og var nok til god trøyst.

Og i morgon er det jo atter ein dag, med nye undringar over livets mysterium.

torsdag, november 02, 2006

Heime hjå Noy


Noy er ein sentral person i vårt dagleg liv, ho held orden i huset og passer borna når me vaksne er på jobb. Både Signe og Jenny er veldig glade i Phi (storesøster) Noy.

Noy kjem frå Si Sakhet- provinsen i nord-aust Thailand. Ho reiser vanlegvis heim på besøk eit par gonger i året. Sist veke måtte med ein jobbe-tur til Ubon, og for å koma dit køyrde me gjennom Si Sakhet. Me såg det som eit glimrande høve til å tilby Noy ein ekstra-tur heim og me vart til gjengjeld invitert heim til familien for å helsa på.

Mamma’n til Phi Noy har vore eit bøne-emne for Signe i over eit år. Ho har vore svært sjuk og Signe har bedt Gud om å passa på. Det har Han gjort, og til familiens store undring er helsa hennar no mykje, mykje betre.

Det er sjeldan kost for oss ”by-folk” å kome ut på landsbygda der rismarkene ligg på rekke og rad og bøfflene rusler langs med vegen. Me hadde ikkje vore lenge før det stod tett i tett med ungar utanfor huset; Dei hadde aldri sett ”fahrangar” (vestlige) i levande live før. Jenny sprang ut og gjorde det heile mindre farleg, medan Signe vart kjempesjenert av all stirringa frå alle kantar.

Alle fekk me gåver, heimelaga stoff i thai-silke i nydelege fargar. Her ser de Arne som prøver på tradisjonelt ”manns-skjørt”. Ganske stilig, på ein uvant måte...

Då me køyrde vidare vart me ynskja varmt på gjensyn. Me vonar det vert ein familietur om ikkje så lenge, 6 timar frå Bangkok er ikkje så langt...

tirsdag, oktober 31, 2006

Trick or treat

Happy Halloween, folkens!

mandag, oktober 30, 2006

Den store barnedåpen


Torsdag var det dåp i nord-aust Thailand, nærare bestemt på Tohsang Resort ved Meekong-elva, nær grensa til Laos. Alle 4 jentene i familien Ngamchalad vart døypt i bassenget med full neddykking. Det var ei spesiell og svært rørande oppleving å sjå Bok, Øn, Ingeborg Anna og Hanna Olise kvitkledde og nok litt prega av høgtid, men likevel bestemte på at dei no ville ha Jesus som sin beste ven.

Me fekk lov til å vera fadder for Hanna Olise. Det gled me oss over, og me ser fram til å få følgja henne framover i livet.

Er ho ikkje nydeleg, det lille fadderbarnet vårt?

tirsdag, oktober 24, 2006

På utkikk etter bil i Bangkok....?


Vissnokonskullekometilåtruatthaiereitlett
språktardeiganskenkeltfeil ithaierdet
nemlegikkjemellomromogdetkan
kanskjeverasjarmerandeavogtil
mensomoftasterdetberre
kjempeirriterandeogvanvittigvanskelegålesa.

torsdag, oktober 19, 2006

Sjokoladekake-trøyst


Ingenting er som sjokoladekake og brus når ein har vondt i øyret og er litt sjuk!

Signe og Line fekk servert både kake m/masse god krem, brus og barbie-film i ettermiddag. God trøyst for dei to sjuke små-damene når "alle" andre fekk reisa på skøyting.

Litt sjokolade er ikkje det verste ei lillesyster kan få heller...

Tusen takk, Merete! At me er heldige som har gode naboar kan ikkje seiast for ofte.

tirsdag, oktober 17, 2006

Familien på preikestolen


Her er altså jentene i aksjon frå preikestolen med flanellograf, papirer og bibel. Dei små var meir enn villige til å hjelpa til, og til slutt datt både den rike unge mannen, Sakkeus i treet og Jesus rett i golvet...

Det gjorde ingenting, me får berre øva litt meir til neste gong. Planlegg allereie julefesten der juleevangeliet kan verta fortalt av dei unge i kyrkja, med eigne ord og med bruk av filtfigurane. Trur det kan verta flott! Foreldra verka iallefall veldig entusiastiske over idèn...

Som de nok skjøner; Flanellograf er ein fantastisk ting!

Her på bilete ser det Jenny oppteken bak tavla (rett før ho kom brasande fram og ropa "puppi, puppi")

torsdag, oktober 12, 2006

Flanellograf

Eg har fått meg flanellograf!!!

Når ideèn fyrst kom om at flanellograf hadde vore kjekt å hatt til preiker og elles barnearbeidet i kyrkjelyden vår, gjekk det ikkje lenge før eska stod her på stovegolvet. På store flanell-ark ligg alle dei kjende figurane frå Bibelen; Maria, Josef, fariseraane,Jesus, guten med brød og fisk, julekrybba, eslet osb osb. Her er òg masse små stjerner, blomar, vinglas og ein liten hammar...

Så, no sit me å klypper for harde livet. Eg fekk arbeidsskade med ein gong (sår på fingeren), noko som gjorde at eg måtte ta ei lita sjukemelding. Arne, derimot, har vore veldig flink, men uttrykt lettare frustrasjon over enkelte englar med bittesmå hender og ”rufsete” vinger.

Takk til Stein Gunnar som reiste til Stavanger og handla, takk onkel Alf som brukte heile bagasjekvoten sin (17 kg!) for å få den med på flyet, og tusen takk til mamma og pappa som betalte! Eg gler meg til søndag, då skal flanellografen i bruk. Vonar den vil slå an og spre bibel-glede både hjå store og små!


Anne Brit

søndag, oktober 08, 2006

På møterommet


NMS-folket her i Thailand har hatt fagdagar.

Alle misjonærane var samla til samtale, diskusjon og gruppearbeid kring tema som:
Cellebaserte menigheter
Misjon i Thailand i 30 år - Hvor er vi nå?
Strategi og visjon i misjon
Kyrkja i Laos

Ikkje lett å vera ordstyrar når 13 ivrige og engasjerte NMS'arar hiv seg frampå... Det er ein fantastisk kollega-gjeng me har! Me er veldig ulike, og samstundes har me det så flott i lag!

Sosial samling rundt bassenget for liten og stor vart avlyst. I det siste har det vore mykje sjukdom, særleg hjå borna (feber, spy og bæsj). Då det òg kan vera ein liten fare for salmonella-smitte, var det ikkje naudsynt å utfordra til enno meir virus-bytting... Helsa til borna våre er absolutt eit bøne-emne.

På bilete ser de Kjartan Sørheim som teikner og forteller for oss ivrige tilhøyrarar.



Legg merke til at det kun er ei som flittig tar notater... (flinkaste jente i klassen, eller??)

torsdag, oktober 05, 2006

Ein oktoberdag i regntunge Bangkok


I skrivande stund heng skyene tungt over byen, det er grått ute og liknar mest av alt på ein vanleg haustdag på Vestlandet. Det har regna vel mykje dei siste dagane, og vatnet har runne som elver i gatene. Kjem plutseleg på regnjakka mi heime i Noreg, det er lenge sidan slikt utstyr var naudsynt å ha. Mest som eg saknar regnjakke og paraply i vindskeiv gange over Torgalmenningen...

Minstemann her i huset, Jenny, har slite med oppkast og diare sidan helga. Slitsomt for ein liten kropp som fort vert tappa for krefter når all mat og drikke kjem i retur. Lite søvn og urolege foreldre. Eit virus, sa legen, og i dag satsar me på ein dag der maten får halda seg i den vesle Jenny-magen. Her i Santikham har alle ungane fått sin del no snart, me vonar at Signe slepp unna denne gong...


Søndag kveld (frå splitter ny flyplass!) reiste fam Heggernes og fam Fjøren heim att etter 3 veker i Thailand. Me lånte dei siste helga, og fekk koslege dagar saman. Filip og Elias er akkurat like gamle som Signe og Jenny, og dei vart fort kjempevener. Hyttebygging i stova, tøyse på trampolinen, og hoppe frå kanten av bassenget var dei store prosjekta. No er dei altså heime att på Sotra, men med Thailand-virus med i bagasjen... Vonar Elias snart vert frisk att.

No er det snart avgang til fagdagar inne i sentrum. Misjon er utfordrande og spanande, og no får me to heile dagar til samtale og diskusjon. Rapport fylgjer til helga att.

Ha ein fin dag, anten den vert i sol eller regn!

fredag, september 29, 2006

Lutheraner og pinsevenn


Det var pinsevenner, frie venner, Frikirken, metodister, Blå kors og Samemisjon. Katolikker, protestanter, reformerte, Sambandet og indre og ytre misjon... Er det andre som hugsar denne songen til Bjarte Leithaug?

Sist søndag var kyrkjelyden vår Santitham, saman med Pinsemenigheten her i landet, vertskap for ei storsamling i hovudkyrkja vår. Folka i Santitham var på førehand svært spente på kva mottaking dette ville få. Kva ville lutheranerane tenkje dersom lovsongen vart for intens og armane fòr i vèret? Kva om alle ba kjempehøgt og ikkje sat stille? Ville alle kjenne seg heime i eit slikt fellesskap?

Det vart til slutt ei fullsatt kyrkje, med ei god blanding frå begge kyrkjesamfunn. Lovsongen var intens, høg og inderleg, det var så det ljoma i veggene. Eit stort trekkplaster var nok storkjendisen Khun Dilo, ei filmstjerne som fortalde om då han vart kristen. Det er så viktig med lokale heltar som kan "fronte" kristen tru!!

Signe og Jenny var for det meste utandørs og leika med små og store kyrkjevener. Utanfor var òg soldatane på plass. Alle samlingar vert framleis overvaka nøye...

Inne vart samlinga avslutta med bøn for konge og fedreland.

lørdag, september 23, 2006

Ekskursjon Tanks



I dag, på ARC (The Administrative Reform Council) sin 4. regjeringsdag i Thailand, reiste me heile familien + fam. Vidnes (minus Sigve) ned til regjeringsbygget for skikkeleg å kjenna på den nye politiske vinden som bles over landet.

”Ekskursjon Tanks” var tittel for turen, og målet var å få sjå nokre skikkelege soldatar med tilhøyrande køyretøy. Og me vart ikkje skuffa! Rett nok fann me veldig lite action, men det var meir enn nok militært personell og utstyr på plass.

Soldatane fekk roser av folk, og smilte så høfleg og fint til alle oss sivile. Fekk nesten ei kjensle av at me var på open dag i ein militærleir... Det var iallefall ingenting som minna om militærkupp og eit demokrati i fare. Nifst.

Arne og Cathrine gjorde som ekte turistar skal gjera: Hengde kamera på magen og knipsa i veg som best dei kunne. Motiva var mange og gode. Signe var ikkje skvetten og ville ha med seg det meste (var nå likevel godt å ha ha med seg Caja). Mamma’n litt meir nervøs for nærkontakt med så mykje våpen, og ei sterk magekjensle for at våpen og menneske berre fører vondt med seg.

Jenny vart fort eit ettertrakta foto-objekt, og fekk fleire pressefotografar i hælane.
Signe prøvde fleire gonger å passa på lillesøster, men det såg ut til at Jenny lika seg svært så godt framfor kamera. Gjett om me skal sjekke alle aviser i morgon!!

Spanande dagar i Bangkok for tida!

fredag, september 22, 2006

The Soldier and I

ARC (The Administrative Reform Council) har no forbode alle politiske samlingar i Thailand med meir enn 5 personar til stades. Eg var i dag tidleg på veg til møte i Field Comittee for den lutherske misjonen, og me er ganske nøyaktig 7 medlemmer... Men, me hadde ingen politisk agenda for dagnes møte, me skulle diskutera misjon og partnerskaps-samarbeid.

Nede på gatehjørnet, rett ved Thong Lo politistasjon (for de som er lokalkjende i Bangkok) stod dei to soldatane, ganske så avslappa, og ”hang” utanfor 7 – 11-butikken. Då eg dro opp kamera, poserte dei villig med eit stort smil...

Mitt fyrste møte med representantar for militærmakta i Thailand vart difor ganske så avslappa. Og det er nett det thaiar flest er når det gjeld militærkuppet, avslappa og rolege. "Det er slik me thaiar ordner opp", var det ein i kyrkja vår som sa, "dette er ein typisk konfliktløysing i Thailand: Ut med den som skaper problem!"

Hmm, av og til er det berre litt for spanande å leva i ein annan kultur.

onsdag, september 20, 2006

Ein dag i unntakstilstand




Me vakna rett over midnatt av at meldingane på mobilen tikka inn: "Kva skjer i Bangkok? Militærkupp??"

Inga god kjensle å lesa nyhende på internett: Soldatar og tanks rundt i gatene, lov og orden sett på pause og tilråding om å halda seg heime. Plutseleg var me ikkje lenger så trygge i byen vår...

Det vart lite søvn i natt.

I dag tidleg regna det... Det vart erklært offentleg fridag, og skulane var stengde. Innandørs tok det ikkje lenge før Signe og Line byrja kjeda seg noko voldsomt. Det var på tide å finna på eit eller anna: Skal me laga butikk?! Signe og Jenny har overtatt Caja sin kiosk, og på kort tid vart det kafè i garasjen vår. Utvalet var det ingenting å seie på, og prisane bar preg av foretningssans hjå dei to damene; 1/4 muffin 100 baht, kjeks 10 baht, kaffi 20 baht, vatn 1 baht og te 1 million...

Me vaksen fekk snakka litt saman og utveksla siste nytt. Det ser jo verkeleg ut til at det roer seg, og her er på ingen måte teikn til dramatikk i byen. Veldig stille og roleg på vegane, men det er jo ganske herleg til ei forandring...

I kveld er det voksensamling her. Godt å samlast alle kollegar. Me avventer ny medling frå sjefen, men det ser ut til at i morgon er det på ny jobb og skule. Militærkupp eller ikkje, me er klare for kvardag att i morgon!