Denne må de berre sjå!
lørdag, september 29, 2007
torsdag, september 20, 2007
Nytt frå Lovsongsheimen
Det siste året har det vore ein del utskiftningar av lærarar på Lovsongsheimen, 2 stk har slutta etter litt samarbeidsproblem med andre lærarar. I sommar vart det tilsett 2 nye, godt kvalifiserte, lærarer. Ei av dei kjem frå ein flott jobb med god betaling, men ville altså heller arbeida med ungane i slummen for halve lønna! Dei er begge ivrige i jobben og syner omsorg og kjærleik til borna. Dei har òg vorte godt mottekne av dei andre lærarane. Dette er verkeleg eit bønesvar.
På ettermidagsaktivitetane skjer det òg mykje spanande. Kollega Anne er forsatt ute i morsspermisjon, men med ”eitt-åringer” og voluntørar har vi klart å holde senteret ope, ja til og med utvida til aktivitetstilbod 4 ettermidager i veka! Me har nok merka at det vart litt mindre born på senteret etter at Anne byrja i permisjon, men det har sakte, men sikkert tatt seg opp att til ”gamle høgder”, så no er det full fart og trøkk på ettermidagane att! Det er jo det me vil ha!
Alle voluntørane / frivillige som har våre innom lovsangshjemmet det siste året fortjener ein liten plass på bloggen vår. Dei er ungdommar frå Noreg som vil bruka av si tid og sine ressursar på lovsongsheimen. Det siste året har det vore heile 6 stk innom . Kor lenge dei har vore har variert frå 2 månadar opp til eit heilt år. Dette er ungdommer som betaler reise og opphald sjølve og arbeider gratis på lovsongsheimen. Desse gjer at me kan gje eit meir variert tilbod på ettermidagsaktivitetane.
På ettermidagsaktivitetane skjer det òg mykje spanande. Kollega Anne er forsatt ute i morsspermisjon, men med ”eitt-åringer” og voluntørar har vi klart å holde senteret ope, ja til og med utvida til aktivitetstilbod 4 ettermidager i veka! Me har nok merka at det vart litt mindre born på senteret etter at Anne byrja i permisjon, men det har sakte, men sikkert tatt seg opp att til ”gamle høgder”, så no er det full fart og trøkk på ettermidagane att! Det er jo det me vil ha!
Alle voluntørane / frivillige som har våre innom lovsangshjemmet det siste året fortjener ein liten plass på bloggen vår. Dei er ungdommar frå Noreg som vil bruka av si tid og sine ressursar på lovsongsheimen. Det siste året har det vore heile 6 stk innom . Kor lenge dei har vore har variert frå 2 månadar opp til eit heilt år. Dette er ungdommer som betaler reise og opphald sjølve og arbeider gratis på lovsongsheimen. Desse gjer at me kan gje eit meir variert tilbod på ettermidagsaktivitetane.

I skrivande stund har me 3 voluntørar og ein "eitt-åring" som gjer ein fantastisk jobb på senteret. Særleg er Anne Brit stolt av søskenbarnet sitt, Bente Kristin, som har tatt permisjon frå jobben heime for å arbeida gratis i slummen.
Bilete over syner den flotte gjengen som no er kome med i NMS-Thailand-fellesskapet. Kjekt å ha dykk her!!!
mandag, september 17, 2007
Rekruttering

Det ser dårleg ut med rekruttering av nye NMS-misjonærar til Bangkok, så nokre av oss har funne ut at eigenproduksjon er tingen!
Det var litt tull, altså, men at det spirer og gror i fleire av magane til misjonærane i Thailand, det er iallefall sikkert!
Til høgre kan de nyta synet av to digre magar som rommar kvar sin bitteliten gutt. Vår kjære kollega Anne ventar sin nr 2 ein månad før vår nr 3, og me gler oss over leikekamerat i tida framover. Satsar og på fleire kafe-besøk i barseltida, for no skal eg vert heiltidsmamma m/cappucino, nett som mammaer i Noreg! (I allefall i nokre månadar)
I sist veke kom Signe heim med kunstverk frå skulen. Ho hadde teikna søskenflokken: Ei dansande storesøster Signe, Jenny med fine armar og ein bitteliten lillebror ytterst til venstre. Så her ser me fram til både Jesus sin bursdag og den lille babyen vår, og satsar på at dei kan feirast på kvar sin dag...
mandag, september 10, 2007
Hong Kong og Mikke Mus
Me har vore i utlandet!!!!
Fredag morgon sat me på flyet austover til Hong Kong. Disneyland har lokka lenge, med Ole Brumm, Askepott og Mikke Mus (eller Micki Mau, som dei seier her). Laurdag var me tidleg oppe og beinklare for opplevingar med Disney-familien.
12 timar seinare tusla me inn på hotellrommet, kjempevonde bein, raude skuldre, oppglødde og nedlessa med diverse effekter (det aller meste i rosa-prinsesser-kategorien, dessverre...).
Signe syntes alt var kjekt, og for Jenny var det meste "skummelt" (lærte nytt ord den dagen). Men, shopping, det var kjempegøy!!!Modige Signe stod leeeenge i kø for å ta bilete saman med sjølvaste Donald! Jenny stod òg i kø, men ho skulle iallefall ikkje koma nær den svære figuren og pingla ut i siste sekund.
Søndag var det tur i Hong Kong, både på land og til vanns, før returen heim på kvelden. Fantastisk å kunne gå rundt i gatene i passe sommartemperatur og god plass på fortauet. Ein flott by, men med store kontrastar. I dag er me attende til kvardagen i Bangkok og er ganske trøytte...
Neste år vil me til Singapore!
torsdag, september 06, 2007
I storesøster sine fotspor...
No har òg veslejenta vår byrja på "skulen". Jenny var kjempeklar for endeleg få eigen uniform og køyra avgarde aleine med skulebussen. Me foreldre er jo ganske så stolte over vår to skulejenter, og gled oss over alt nytt som dei får oppleva i løpet av dagen. Læraren til Jenny har allereie rapportert heim at Jenny har "some fancy dance moves" som ho lærar sine medelevar. Mamma'n er ganske sikker på at danseløva vår må ha arva dette frå farssida og er spent på fortsetjinga...
Etter to månadar i Noreg er det mykje som skal gjenoppdagast for ei lita jente. Deriblant er språkforståing
og gloser. Thai'en er på full fart inn att, og innimellom slenger det til med nokre engleske ord òg. Men, det er ei ganske så trøytt Jenny som kjem heim etter 4 timar i Nursery, då er det godt å få roa ned og fortelja om dagen til pappa, på norsk....
og gloser. Thai'en er på full fart inn att, og innimellom slenger det til med nokre engleske ord òg. Men, det er ei ganske så trøytt Jenny som kjem heim etter 4 timar i Nursery, då er det godt å få roa ned og fortelja om dagen til pappa, på norsk....mandag, august 27, 2007
Folket har talt...
Søndag for ei veke sidan var det folkerøysting her i Thailand. Sidan militærkuppet i fjor haust har ein venta med spenning på stega vidare fram til gjeninnføring av demokrati her i landet.
Ny grunnlov og val til parlamentet i desember er viktige i så måte. På sjølve valdagen gjekk det roleg for seg, men ein del klager om valfusk, kjøp av røyster etc har vorte rapportert av obeservatørar. På biletet til høgre ser de ein 78-år gammal mann arrestert fordi han, i frustrasjon, reiv røysteseddelen i to pga totalt forvirrande opplysningar. Slik kan det gå.
Om ikkje anna kan me kalla valresultatet for interessant; rett i underkant av 60% av folket røysta for forslaget til ny grunnlov. Særleg i Nord-aust og Nord-Thailand var motstanden stor. Dette er område der ein framleis finn mange Thaksin-tilhengjarar og det kan nok forklara noko av dei mange nei-røystene. Men, som ein aktiv motstandar sa til pressa; Mange, mange av oss røysta nei rett og slett fordi me er imot militærstyret.
Spanande tider framover, altså. Me nyttar ofte lange taxi-turar (trafikken i Bangkok er verre enn nokon gong) til å høyra siste nytt om kva som skjer. Taxi-sjåførane er oppdatert på det aller meste.
Foreslått valdag til nytt parlament er 23.desember, men den dagan er me vonaleg opptekne med andre ting og har tusla ned på fødeavdelingen...
fredag, august 17, 2007
Me avslutta opphaldet i Noreg med ei flott gudsteneste i Solheim. Hovudpersonen vår familie denne dagen var Signe. Det er 4 år sidan dåpsdagen hennar i Solheim kyrkje, og det vart markert med utdeling av "Mi kyrkjebok" til den store jenta vår. Som de ser på bilete var det ei stolt Signe denne dagen.
Me vil med dette takka gode misjonsvener på Løvstakksiden, Forsand, Hamre, Haus og Randaberg! Tusen takk for gode møte i sommar! Me er attende heime i Bangkok rikt velsigna og takksame for støtte og forbøn.
onsdag, august 08, 2007
Glimt frå ferie i Noreg
Me har gode dagar i heimlandet. Så gode dagar at PCen har fått lov til å samla støv, og både jobb og altfor varme dagar i Bangkok er mest heilt gløymt...
Ingen kan skryta av ein god varm norsk sommar, me har stort sett halde jakka på, og støvlane har vore flittig i bruk. Signe og Jenny synes dei har rare klede i Noreg, me synes jo dei er ganske så søte i fullt regnutstyr.
Når me ikkje har vore ute og trassa vær og vind, har me fått gode gjensyn med gamle og nye vener. Vener er ei fantastisk gåve! Ekstra flott er det når me ser at Signe og Jenny koser seg med våre veners håpefulle. Det er lagt eit godt grunnlag for neste generasjons venskap i løpet av sommaren!
Ingen kan skryta av ein god varm norsk sommar, me har stort sett halde jakka på, og støvlane har vore flittig i bruk. Signe og Jenny synes dei har rare klede i Noreg, me synes jo dei er ganske så søte i fullt regnutstyr.Elles så har Signe no full kontroll på alle onklar, tanter og søskenbarn. Jenny er framleis litt på gyngande grunn når det gjeld kven som høyrer til kven, det er jo så mange! Og alle heiter jo onkel eller tante...
Det er 6 dagar att til det er retur til Thailand. Innan då skal me rekka MAF-møte, fisketur, avskjed med gode vener, bryllup, gudsteneste og feiring av 1-årsdagen til vesle Amalie. No er det innspurt! Og ute regnar det...
onsdag, juli 04, 2007
tirsdag, juli 03, 2007
Tooghalvfjers eller treoghalvfems
Overskrifta er berre for å tydeleggjere for alle at me no kan tella på dansk! Me har vore i Danmark ei heil veke, og har nydt godt av danske bakevarer, salami, ostar og taxfree-sjokolade frå danskebåten.
Bestemor og bestefar på Forsand inviterte med seg barn, svigerbarn og barnebarn på hytteferie på Hals.
Kjempe-tusen takk!
Det er godt å vera heima og få tid til søsken og nieser att, etter 2 år vekke. Godt å le saman, diskutera, oppdatera kvarandre på kvardagane våre og ha tid til seine kveldar med kortspeling.
Me har gode dagar i Noreg (-og altså òg i Danmark!)!
Bestemor og bestefar på Forsand inviterte med seg barn, svigerbarn og barnebarn på hytteferie på Hals.Kjempe-tusen takk!
Det er godt å vera heima og få tid til søsken og nieser att, etter 2 år vekke. Godt å le saman, diskutera, oppdatera kvarandre på kvardagane våre og ha tid til seine kveldar med kortspeling.
Me har gode dagar i Noreg (-og altså òg i Danmark!)!
lørdag, juni 23, 2007
Vener og misjon
Me har starta vår mini "misjonsturnè"!
Powerpoint-presentasjonen av oss, arbeidet vårt og borna på Lovsangshjemmet har denne veka hatt sin seiersgang rundt om i kyrkjer og møtelokale i Hordaland.
Ei lita overdriving der, kanskje, men etter 4 dagar i Noreg kunne me tella 1 stk gudsteneste på
Haus, 1 stk misjonsmøte i Hamre og 1 stk temakveld i Solheim kyrkje. Slett ikkje verst, tykkjer me sjølve. Bilete syner oss i Solheim kyrkje onsdag kveld.
Me har vorte møtt med ei interesse for misjon samt ei omsorg for oss som har vore både rørande og godt å møta. Me er verkeleg rikt velsigna!
Powerpoint-presentasjonen av oss, arbeidet vårt og borna på Lovsangshjemmet har denne veka hatt sin seiersgang rundt om i kyrkjer og møtelokale i Hordaland.
Ei lita overdriving der, kanskje, men etter 4 dagar i Noreg kunne me tella 1 stk gudsteneste på
Haus, 1 stk misjonsmøte i Hamre og 1 stk temakveld i Solheim kyrkje. Slett ikkje verst, tykkjer me sjølve. Bilete syner oss i Solheim kyrkje onsdag kveld.Me har vorte møtt med ei interesse for misjon samt ei omsorg for oss som har vore både rørande og godt å møta. Me er verkeleg rikt velsigna!
mandag, juni 18, 2007
Varmt gjensyn på Osterøy
Me har landa på Vestlandet!
1 koffert (med absolutt alle kleda våre)1 stk kamera mindre og ganske utrangla, men likevel med godt humør og stor gjensynsglede.
Elles er det visst sommar på Osterøy, og dei innfødde er brune og påstår at det er såååå varmt ute. Me frys medan me venter på at det skal verta varmt. Signe sov med den nye lua si fyrste natta...
tirsdag, juni 12, 2007
Directed by.... Arne Hustrulid
3 dagar før heimreise til Noreg er det hektiske dagar og seine kveldar.
Informasjonsmateriell til "misjons-turnèen" vår skal lagast, og Arne er perfeksjonist (til stor frustrasjon frå kona...).
Satsar på at me er klare for avreise fredag med verdas beste misjonsfilm og powerpointpresentasjon i kofferten!
søndag, juni 10, 2007
Hipp hurra, det er bursdag!
Vår vesle solstråle og "busy bee", Jenny, har hatt bursdag i dag!
2 år er jenta vår, og det vart feira med stort selskap. 20 born og mest like mange foreldre var samla i ettermiddag, og slikt vert det mykje lyd av!!
Ein god miks av NMS'arar, naboar, vener og skulekameratar gjorde det heile til ei ganske så internasjonal blanding. Jenny solte seg i glansen og pakka opp pakkar så det var ein fryd å sjå!
Me foreldre ser at to år har gått altfor fort, men gler oss over at me no har enno ei stor jente i familien. Jenny er nemleg ikkje baby lenger (det får ingen lov å kalla henne!).Ein fin dag for store og små, og berre 5 dagar att til me sit på flyet til Flesland!
lørdag, mai 26, 2007
Seint, men godt...
Her er altså vår 17.mai feiring frå ambassadør-
hagen:
Familien samla, enno relativt nystròkne...

"Verdas raskaste barnetog" - sitat ambassadøren.
NMS-damene var sterkt representert i flaggbæring! Til høgre ser de m.a. Signe og Jenny, i, utan tvil, eit av verdas varmaste barnetog.


Representanter for NMS-gjengen i Thailand klare for 17.mai-feiring. Borna har fått dagens fyrste is.

4 nydelege jenter i bunad: Jenny, Signe, Line Hallen (6år) og Marte Tveten (som feira sin fyrste 17.mai).


Hipp Hurra for Noreg!!!!
hagen:Familien samla, enno relativt nystròkne...
"Verdas raskaste barnetog" - sitat ambassadøren.
NMS-damene var sterkt representert i flaggbæring! Til høgre ser de m.a. Signe og Jenny, i, utan tvil, eit av verdas varmaste barnetog.


Representanter for NMS-gjengen i Thailand klare for 17.mai-feiring. Borna har fått dagens fyrste is.
4 nydelege jenter i bunad: Jenny, Signe, Line Hallen (6år) og Marte Tveten (som feira sin fyrste 17.mai).


Hipp Hurra for Noreg!!!!
torsdag, mai 24, 2007
Ha- det, Bye, bye, Adios, Ciao, Auf Wiedersehn....
Den siste tida har vore i avskjedens teikn. Me har flytta frå
Santikham, frå huset med den store stova og den vesle hagen, og frå Pho Dam og Mae Long i vakta. Det var med vemod me køyrde flyttelasset, men me er trygge på at det var rett å flytta, leikekameratar for ungane er det viktigaste. Det har dei fått no!
Ein avskjed som nok var tyngre enn flyttinga, var heimsending av familien Vidnes. Etter 7 år i Thailand hadde dei bestemt seg for at det var tid for å reise heim til Madla. Me har mista gode kollegar og nære vener, og det vil nok ta litt tid før kvardagen kjennes ”heil” att utan dei. Gler oss til gjensyn i Stavanger til sommaren!
I Fantasia Villa 2 (fantastisk namn, eller?!) kryr det av små og store vener. Signe spring rundt og leiker hemmelege ting (som ofte involverer flotte, flagrande rosa kjolar) med Line og Amanda.
Jenny går rundt med dukkevogn og ole-brumm bil saman med Holly eller Vanessa. Pappa Arne kan spele fotball på plenen så ofte han vil (og har kondis til), og husets mamma kan drikka te på verandaen med Merete og nyte livet.
Så, livet i Fantasia er ikkje så verst det heller!
Så, livet i Fantasia er ikkje så verst det heller!
Ein avskjed som nok var tyngre enn flyttinga, var heimsending av familien Vidnes. Etter 7 år i Thailand hadde dei bestemt seg for at det var tid for å reise heim til Madla. Me har mista gode kollegar og nære vener, og det vil nok ta litt tid før kvardagen kjennes ”heil” att utan dei. Gler oss til gjensyn i Stavanger til sommaren! mandag, mai 21, 2007
Teknisk feil...
søndag, april 29, 2007
Varmt...
Det er varmt i Thailand for tida. Veldig varmt... I Bangkok, med veldig høy luftfuktighet, er varmen plagsom. Det er varmt og klamt i 35 - 40 grader, og alt vi vil er en tur til kysten for nedkjøling.

Arbeidsdagen på Lovsangshjemmet, i slummen under motorvegen, er ikke mindre svett. På datarommet, med 7 PC'er og ofte 2 unger på hver maskin, føles det som en badstu, varmt og trykkende. Svetten renner av å bare stå stille, og det er godt å komme ut og kjøle seg ned i "vanleg" utetemperatur.

Men, det ser ikke ut til at det plager andre enn meg, ungene står i kø for å få komme inn på PC rommet, og er lei seg når deres halve time er ferdig. De bare ler og smiler av den store mannen som klager og svetter.
Ønsker alle en varm sommer i møte!

Arbeidsdagen på Lovsangshjemmet, i slummen under motorvegen, er ikke mindre svett. På datarommet, med 7 PC'er og ofte 2 unger på hver maskin, føles det som en badstu, varmt og trykkende. Svetten renner av å bare stå stille, og det er godt å komme ut og kjøle seg ned i "vanleg" utetemperatur.

Men, det ser ikke ut til at det plager andre enn meg, ungene står i kø for å få komme inn på PC rommet, og er lei seg når deres halve time er ferdig. De bare ler og smiler av den store mannen som klager og svetter.
Ønsker alle en varm sommer i møte!
fredag, april 20, 2007
På tur til tante i byen
Denne siste veka har me fått kjekt besøk av 2 flotte jenter: Nuy og Cream. Dei er niesene til Phi Noy, og no i sommarferien vill dei kome ein tur til byen. Bestemor på landsbygda var ikkje så ivrig på å sende dei avgarde, og ringde allereie dagen etter ankomst Bangkok få å få dei heim att.... Men, jentene koser seg i storbyen, og for Signe og Jenny er det kjempekjekt med nye venninner. 
I går hadde me lova ein ettermiddag i bassenget. Dei var utstyrt med nye badedraktar frå tante Noy, og veldig badeklare då eg kom heim frå jobb. Etterkvart kom det fleire ungar, og det vart mykje latter og hyling. Då Arne kom for å henta oss, etter endt arbeidsdag, fekk han høyra att dei nett var byrja bada. Eg tenkte 2 1/2 time var ei bra stund, men tydelegvis er tidsomgrepet svært relativt, alt etter om du sit på land eller leiker i bassenger.
I løpet av dagane her har dei vorte
introdusert for brødskiver og makaroni, begge deler var berre så vidt etande. .. Men rekesuppe så sterk at eg knapt greier svelge, den går ned på høgkant!! Matvaner er ein spanande ting!
Me satsar på at me får ha dei nokre dagar til enno. Skulen opnar ikkje att før slutten av mai, men det avheng vel òg av kva bestemor oppe i Nord-aust vil ...

I går hadde me lova ein ettermiddag i bassenget. Dei var utstyrt med nye badedraktar frå tante Noy, og veldig badeklare då eg kom heim frå jobb. Etterkvart kom det fleire ungar, og det vart mykje latter og hyling. Då Arne kom for å henta oss, etter endt arbeidsdag, fekk han høyra att dei nett var byrja bada. Eg tenkte 2 1/2 time var ei bra stund, men tydelegvis er tidsomgrepet svært relativt, alt etter om du sit på land eller leiker i bassenger.
I løpet av dagane her har dei vorte
introdusert for brødskiver og makaroni, begge deler var berre så vidt etande. .. Men rekesuppe så sterk at eg knapt greier svelge, den går ned på høgkant!! Matvaner er ein spanande ting!Me satsar på at me får ha dei nokre dagar til enno. Skulen opnar ikkje att før slutten av mai, men det avheng vel òg av kva bestemor oppe i Nord-aust vil ...
tirsdag, april 17, 2007
Nytt år i nytt hus!
Me har hatt ferie! Den tredje ny-års feiringa i 2007 er no over... Thai-nyttår, eller Songkran, er den store folkefesten i Thailand, og vert feira 3 heile dagar til endes, 13. - 15-april.I desse dagane er Bangkok så godt som folketom, "alle" reiser til heimbygda si eller på tur til stranda. Varmeperioden har starta for alvor, og gradestokken kryp oppover mot 40 grader. Det er varmt, både i sola og skuggen no!

Me har i nokre veker no hatt Bestemor og Bestefar frå Forsand på vitjing. Besteforeldre er ein fin ting, og både store og små har hatt gode dagar. Det er tredje Thailands-turen deira, så dei er no for veteranar å rekna. Det er ingen grunn til å tru at dette vert siste turen, for no har dei eit splitter nytt hus (med svømmebasseng i hagen!) i Hua Hin.
Vår vesle familie har gjort eit innskòt i investeringa, og kan såleis òg smykka oss med tittelen huseigar i Thailand! Huset er akkurat passe stort, og med akkurat passe hage utanfor. Ein oase for oss byfolk, når eksos, varme og lyd vert for intens i Bangkok. Fam Hallen og Anne + Be har allereie vore innom på hus-sjekk. Ungane sørga for at bassenget vart grundig innvia.Me har storkost oss desse dagane, og gler oss allereie til mange
late helger i Hua Hin framover. I romjula kjem Bestemor og Bestefar att, og då vert det ny nyårsfeiring i vårt nye hus!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

