torsdag, november 29, 2007

Har mannen din mange damer???

Bangkok har ca 100 000 taxiar, og medan eg ventar på at skytrainen skal verta ferdig neste år, er eg ein flittig brukar av dei rosa, oransje, grønne, gule, blå, røde-bilane. Ikkje alltid lett å få bil-kabalen heime til å gå opp, så eg melder meg gjerne frivillig til å verte kjørt til jobb. 15 kr er prisen for ein taxitur heimefrå til jobb, og det inkl tips! Når eg i tillegg møter ein blid sjåfør som gjerne vil snakke litt om mykje og mangt i Thailand, tykkjer eg at eg har ein god start på dagen!


Tysdag i denne veka var taxi-sjåføren svært så pratesjuk. Han fortalte at han stoppa berre pga den store magen min, eg kunne jo ikkje stå ute i varmen, eigentleg så var han ikkje så ivrig på ein ny langtur. Eg takka og bukka, og spurde kor mange barn han hadde. Han hadde tre vaksne born, og ein kone han hadde vore gift med i over 30 år. "Så flott", sa eg. "Ja, sa sjåføren, det beste er å halde seg til ei kone, det vert så mykje tull når ein roter seg borti andre.

- Og mannen din er vel grei med deg no når du skal ha baby?", fortsatte han.

Eg forsikra om at det var han, hjalp til ein masse med både hus og ungar.

"Har mannen din mange damer", var neste spørsmål. "Hæ?" sa eg, "kva meiner du med det??"

Jo, var det ikkje fahrang (vestlig)-stil å ha masse damer?? Han køyrde stadig vestlege menn til go-go-barar nede i byen. Ehh... Kva svarer ein på slikt?? Eg mumla noko om at eg ikkje trudde mannen min hadde tid til slikt, og at han er fornøgd med den kona han har...

At det ikkje berre er vestlege menn som har eit lausleg forhold til monogamiet, kom tydeleg fram i avisa i går: Ei av innanrikssakene kor stor formue Thailands øvste leiarar har. Leiaren for militærkuppet og statsminister, general Sonthi, har relativt mykje å rutte med, fleire hundre millionar baht, og dette var fordelt på han sjølv, dottera, og dei to (!) konene hans!


Som taxi-sjåføren min sa: "Ein bør ha mykje penger skal ein ha mange damer!". Eg satsar på at Arne aldri får så mykje penger...

tirsdag, november 20, 2007

Me hiv oss inn i debatten...

Ikkje har me TV2 eller norske tabloidaviser, men me har fått med oss at Kristopher Schau og eit visst Tv-program har fått ufortent mykje merksemd i norske nyhende.

I hans neste program reiser Mr. Schau til Thailand for å drive utukt. Han provoserer oss alle, slik han ynskjer. Men, det som verkeleg burde engasjera oss (og provosera) er at verkelegheita er så mykje, mykje verre enn det som vert synt på TV!

Med ein reklamesnutt før torsdagens episode får NMS synleggjort at prostitusjon er noko meir enn kommersiell TV-moro, dette er livet til tusenvis av born (og vaksne) verda over. Mange, mange av dei bur i Thailand og lever under svært uverdige forhold. NMS vil vera der det skjer; anten det er i mediedebatten heime i Noreg eller med forebyggjande arbeid mot prostitusjon i Thailand. Me er stolte av å vera ein del av arbeidet til NMS!

Så, hiv deg på: Støtt NMS (http://www.nms.no/) sitt arbeid for barn og unge, engasjer deg i kampen mot prostitusjon og drit i Kristopher Schau!

lørdag, november 17, 2007

Søndag i Laksi

Det er dessverre svært varierande kvalitet på søndagsskulen i kyrkja vår. Veldig mykje skuldast nok for lite fokus på arbeid blant barn, og dårleg opplæring for leiarane.

Men, det er absolutt i framgang; Mange kyrkjelydar har veldig gode søndagsskular, og samlar mange born kvar veke. Likeeins har kyrkjeleiinga i den lutherske thaikyrkja bestemt at no skal dåpsopplæring prioriterast! Så, godt nytt for framtida!

Søndag var me på besøk i Laksi kyrkje. Der har dei nemleg byrja med søndagsskule på engelsk for den største gruppa annakvar søndag. I Laksi skjer det mykje spanande! Dette er ein ressurs-sterk kyrkjelyd som i fjor opna nytt kyrkjebygg (m.a. med støtte frå Noreg), og har starta sjelesorgsenter og engelskundervisning. Til engelsksenteret har dei no fått hjelp av 2 unge jenter frå Finland og Noreg (som arbeider heilt gratis!), samt ein norsk eitt-åring til undervisning av born og vaksne. Det er desse 3 som har ansvaret for den "internasjonale" søndagsskulen.

Medan Signe og Jenny fekk høyra og sjå på Sakkeus som klatra i tre, fekk me vaksne nyta gudsteneste i ei nydeleg kyrkje. Det var så flott å syngja salmer i eit kyrkjerom som ikkje i tillegg skal vera lunsjrom, aktivitetsrom, møterom, inngangsparti etc, etc. Me nordmenn er rett og slett litt bortskjemt med flotte kyrkjebygg!

Søndagsturen vår til Laksi var ein suksess for heile familien. Det er nok ikkje lenge til me tek turen att!

lørdag, november 10, 2007

På sjukehus - "A journey of care"

Me har lenge hatt mistanke om at Signe hadde arva mamma sine "problem-øyrer", og med infeksjonar og feber i fleng dei siste åra, var det no på tide at noko vart gjort.

Innom øyre-nase-hals-spesialisten sist fredag og bad om råd. Ho meinte, etter diverse undersøkingar, at både mandler og polypper måtte fjernast + dren i begge øyrene. "Passar det med operasjon i morgon", spurde ho. Foreldrene kjende at det kom kanskje litt brått på + at Signe hadde ein invitasjon til bursdagsselskap hengjande på kjøleskapet...

Me vart einige om tidleg tysdag morgon. Ingen ventelister her, nei! Berre nokre få diskre spørsmål om finasiering og slikt. Me sende varme tankar til trygdeordningane heime i Noreg som gjer at me kan få det beste av helsetilbod dei har her i landet.


Tysdag var Signe klar for operasjon. Mamma fekk vera med heile tida fram til Signe sov på operasjonsbordet. Etter to timar vart ho trilla ut, og mamma'n henta til overvakinga. "Ho hadde kjempesvære mandler", var det fyrste legen sa.


Det var ei bleik og taus lita jente som låg i senga den dagen. Dagen etter var formen betre, og Jenny og Phi Noy kom på besøk. På ettermiddagen kom òg skulekameraten Vin innom, og det var stor stas!

Etter to dagar ville Signe heim, og doktoren var einig. Med lovnad om å ete meir var det ei glad jente som pakka veska og reiste heim til Fantasia. Det fyrste ho gjorde "på frifot" var å tygge i seg ei pølse i brød, no var ho lei av suppe!

I går ville ho på skulen att, med medisiner i skulesekken. Dei i klassen hadde lurt på korleis Signe ville sjå ut når ho kom attende. Sidan ho skulle operera i halsen måtte vel legen ta av hovudet fyrst, og tenk om Signe ikkje vart heilt lik seg sjølv etterpå?!

Neste veke skal me på sjukehuset att og henta kuuule øyreproppar, ein rosa og ein blå, så då er det klart for bading!

torsdag, november 01, 2007

Amerikanske tilstandar...

Naboane våre i Fantasia er for det meste ex-pats frå England eller USA. Me er på mange måtar eit bittelite internasjonalt samfunn midt i Bangkok. At amerikansk/britisk kultur òg påverkar oss såg me tydeleg i går.


"Alle" var klare for Halloween-feiring, husa var pynta og snop + kostymer innkjøpt. Me var ute litt i siste liten, men då kvelden nærma seg var me godt førebudde. Einaste grensa me vaksne sette var forbod mot å "skumle til" huset vårt, alt med måte!

Så snart det vart mørkt kom det fram hekser, spøkelser, alver, vampyrar osv frå kvart eit hus. Snope-posane vart etterkvart fulle, og det var nok fleire enn oss som sleit med legginga i går... Ikkje lett med ungar oppgira på altfor mykje sukker!




No øver Signe og mamma på Lucia-songen. 13.desember skal naboane få ein smak av skandinavisk kultur!

søndag, oktober 28, 2007

Liten og blond i Thailand

Me har hatt 4 gode dagar ved sjøen. Denne veka er det skulefri, Lovsongsheimen er stengt og med ei mamma som er sjukemeld var valet lett: Me reiser til Hua Hin!

Heldig for oss hadde fleire vore inne på same tanken, og me traff både nabofamilien Hallen og nabofamilien Laulainen (misjonærkollegar frå Finland) opptil fleire gonger. Ein av dagane tok me med oss Signe og venninnene Line og Amanda for litt "neglepynting". Jenny hang med som ho alltid gjer når noko spanade skjer.

Å gå i Hua Hins gater me 4 blonde små-jenter var ei oppleving. "Alle" snudde seg, smilte, telte og peika på magen min: "Oi, 4 jenter og enno ei i magen....". Så produktive har me altså ikkje vore, men at det var eit nydeleg skue - det var det!



Jentene sat fint på rekke og rad og fekk neglelakk på hender og føter, den eine meir rosa enn den andre. Jenny, som jo berre var med for turen, fekk den beste servicen av alle. 3 damer ordna ulik farge på kvar lita negl. Treng vel ikkje seie at vår vesle dame var stornøgd etterpå!


Det er godt å få lov å vera turist i Thailand!

fredag, oktober 19, 2007

DREAM WORLD

Skoleungene har fri fra skolen noen uker, og da kom ønsket fra flere av oss på Lovsangshjemmet; Skal vi ta med ungene en tur vekk fra slummen? Og hvor skal vi dra?
En dag i Dream world hadde vært kjekt, det er noe de fleste familiene i slummen aldri vil ha råd til, og vil gi ungene en dag de kanskje aldri glemmer!?

Vi bestilte buss med avgang kl 9. Innen den tid var det kommet 30 stk, alle med lapp hjemmefra om at de fekk lov til å være med. Noen stilte dessverre uten lov, og noen var under aldersgrensa på 7 år, så de måtte gå hjem med store tårer nedover kinnet...

For de ungene som fikk være med (og for oss 10 voksne), ble det en uforglemmelig dag! Mye latter og moro! Nyt bildene nedover, de forteller bedre enn ord!






Takk til alle dere på Jæren (Undheim) som har gjort denne dagen mulig! Dere gitt barna en flott opplevelse!













Kor er du??


I dag var det plutseleg 10 015 treff.... Det må jo bety at nr 10 000 sit heilt stille ein eller annan staden og ikkje vil vedkjenna seg den store ære!!??


Kvar er du nr 10 000????

onsdag, oktober 17, 2007

nr 10 000!

Me nærmar oss 10 000 treff på bloggen vår! Ei slik stor hending kan me ikkje la gå forbi utan markering!

Kjære blogglesar nr 10 000: Me donerer 1000 baht (altså 10 satang pr treff) til eit NMS-prosjekt. Du bestemmer prosjektet!

Så, hiv dykk på! Kanskje det vert nettopp DU som vert den heldige vinnaren!!!!

fredag, oktober 12, 2007

Travel haust i Thailand

Hausten er travel, i Thailand som i Noreg. Og her regnar det minst like mykje som heime på Vestlandet... I dag måtte me nesten ut med årene og ro oss framover på veg til jobb! 40 cm høg vannstand i Bangkoks gater hjelper ikkje akkurat til betre trafikkflyt i morgonrushet....



Bortsett frå fuktig vèr, har me det veldig bra! For nokre veker sidan fekk me endeleg reisa til Mukdahan i Nord-Thailand. NMS satsar for tida stort på lekmanssopplæring i kyrkja vår, og mykje av dette arbeidet skal ha base i Mukdahan. Kjekt å treffa att kollegar, og få tid saman til faglege diskusjonar og snakk om alt og ingenting...



Sjølv om me vaksne hadde det veldig bra rundt møtebordet, var det nok ungane som koste seg aller mest på sin "fagdag", Signe og Jenny hadde gleidd seg til gjensyn med Kaja (Sørheim) og alle dei andre oppe i Nord, og forventingane vart i høgste grad innfridd! Jenny tok på seg oppgåva å passa på vesle Marte (Tveten), og koste seg over ikkje å vera "minstemann". Elles så var Marie 9 år den beste vikaren for mamma desse to dagane.


Vel heime att var det "bli-kjent-middag" heime på vårt lysegrøne kjøkken for studentar frå Misjonshøgskulen. Ein flott gjeng som skal studera ved Universitetet her ein månad. Ekstra kjekke vart dei då dei kom med posane sine med brunost og sjokolade...

På Lovsongsheimen er det full fart med entusiastiske frivillige og ivrige born. I går var det tur til Dreamworld. Meir om det i neste blogg.

I tillegg har Anne Brit vore på nesten-aleine-tur til Chiang Rai og er ganske så oppglødd over flott natur, deilig klima, eksotisk mat og inspirerande evangelist-arbeid. Reisebrev følger ganske så snart!

mandag, oktober 08, 2007

Me har besøk!


Det var to stk me tok ein lett avskjed med i sommar: Tante Martha og Besto. Dei hadde allereie klare billettane til Thailand-tur i september, og me reiste heim til Bangkok og gleidde oss til besøk. No er dei altså her! Eller, det vil seie, dei har vore i Bangkok, sett byen og reist vidare. No nyt dei dagane i Hua Hin og har vorte veeeldig brune (så brune som me fastbuande aldri vert...).

Me fekk litt tid saman i helga då me køyrde ein kjapp tur ned til kysten. Arne klarte ny personleg rekord, 2 timar og 15 min, ikkje at det er noko å skryta av, kanskje. Ny veg og ny bru til Hua Hin er snart ferdig, og det gler oss som gjerne vil ha ein helgetur på "hytta".

Då Besto (eller Bestefar (?) som Jenny seier) var hjå oss, ordna ho bunadane til jentene. Jenny har overtatt storesøster sin, og Signe har fått ein større, med langt skjørt og greier. Den vesle bunaden til Jenny skal Besto ta med heim til Amalie. Jenny var litt stolt av det, og forklarte til oss andre at det var fordi Amalie berre er 1 år (ein finger), medan ho er heile 2 år (to fingrar). Så det så!

Til helga kjem dei to damane opp att til Bangkok, og me skal ha helga saman. Medan me venter på helg, koser me oss med nytt lass norsk mat i kjøleskapet (pinnekjøtet er på plass i frysen) og masse norsk sjokolade!

lørdag, september 29, 2007

torsdag, september 20, 2007

Nytt frå Lovsongsheimen

Det siste året har det vore ein del utskiftningar av lærarar på Lovsongsheimen, 2 stk har slutta etter litt samarbeidsproblem med andre lærarar. I sommar vart det tilsett 2 nye, godt kvalifiserte, lærarer. Ei av dei kjem frå ein flott jobb med god betaling, men ville altså heller arbeida med ungane i slummen for halve lønna! Dei er begge ivrige i jobben og syner omsorg og kjærleik til borna. Dei har òg vorte godt mottekne av dei andre lærarane. Dette er verkeleg eit bønesvar.

På ettermidagsaktivitetane skjer det òg mykje spanande. Kollega Anne er forsatt ute i morsspermisjon, men med ”eitt-åringer” og voluntørar har vi klart å holde senteret ope, ja til og med utvida til aktivitetstilbod 4 ettermidager i veka! Me har nok merka at det vart litt mindre born på senteret etter at Anne byrja i permisjon, men det har sakte, men sikkert tatt seg opp att til ”gamle høgder”, så no er det full fart og trøkk på ettermidagane att! Det er jo det me vil ha!

Alle voluntørane / frivillige som har våre innom lovsangshjemmet det siste året fortjener ein liten plass på bloggen vår. Dei er ungdommar frå Noreg som vil bruka av si tid og sine ressursar på lovsongsheimen. Det siste året har det vore heile 6 stk innom . Kor lenge dei har vore har variert frå 2 månadar opp til eit heilt år. Dette er ungdommer som betaler reise og opphald sjølve og arbeider gratis på lovsongsheimen. Desse gjer at me kan gje eit meir variert tilbod på ettermidagsaktivitetane.
I skrivande stund har me 3 voluntørar og ein "eitt-åring" som gjer ein fantastisk jobb på senteret. Særleg er Anne Brit stolt av søskenbarnet sitt, Bente Kristin, som har tatt permisjon frå jobben heime for å arbeida gratis i slummen.

Bilete over syner den flotte gjengen som no er kome med i NMS-Thailand-fellesskapet. Kjekt å ha dykk her!!!

mandag, september 17, 2007

Rekruttering


Det ser dårleg ut med rekruttering av nye NMS-misjonærar til Bangkok, så nokre av oss har funne ut at eigenproduksjon er tingen!

Det var litt tull, altså, men at det spirer og gror i fleire av magane til misjonærane i Thailand, det er iallefall sikkert!

Til høgre kan de nyta synet av to digre magar som rommar kvar sin bitteliten gutt. Vår kjære kollega Anne ventar sin nr 2 ein månad før vår nr 3, og me gler oss over leikekamerat i tida framover. Satsar og på fleire kafe-besøk i barseltida, for no skal eg vert heiltidsmamma m/cappucino, nett som mammaer i Noreg! (I allefall i nokre månadar)


I sist veke kom Signe heim med kunstverk frå skulen. Ho hadde teikna søskenflokken: Ei dansande storesøster Signe, Jenny med fine armar og ein bitteliten lillebror ytterst til venstre. Så her ser me fram til både Jesus sin bursdag og den lille babyen vår, og satsar på at dei kan feirast på kvar sin dag...

mandag, september 10, 2007

Hong Kong og Mikke Mus

Me har vore i utlandet!!!!

Fredag morgon sat me på flyet austover til Hong Kong. Disneyland har lokka lenge, med Ole Brumm, Askepott og Mikke Mus (eller Micki Mau, som dei seier her).

Laurdag var me tidleg oppe og beinklare for opplevingar med Disney-familien.

12 timar seinare tusla me inn på hotellrommet, kjempevonde bein, raude skuldre, oppglødde og nedlessa med diverse effekter (det aller meste i rosa-prinsesser-kategorien, dessverre...).

Signe syntes alt var kjekt, og for Jenny var det meste "skummelt" (lærte nytt ord den dagen). Men, shopping, det var kjempegøy!!!


Modige Signe stod leeeenge i kø for å ta bilete saman med sjølvaste Donald! Jenny stod òg i kø, men ho skulle iallefall ikkje koma nær den svære figuren og pingla ut i siste sekund.


Søndag var det tur i Hong Kong, både på land og til vanns, før returen heim på kvelden. Fantastisk å kunne gå rundt i gatene i passe sommartemperatur og god plass på fortauet. Ein flott by, men med store kontrastar.

I dag er me attende til kvardagen i Bangkok og er ganske trøytte...

Neste år vil me til Singapore!

torsdag, september 06, 2007

I storesøster sine fotspor...

No har òg veslejenta vår byrja på "skulen". Jenny var kjempeklar for endeleg få eigen uniform og køyra avgarde aleine med skulebussen. Me foreldre er jo ganske så stolte over vår to skulejenter, og gled oss over alt nytt som dei får oppleva i løpet av dagen.

Læraren til Jenny har allereie rapportert heim at Jenny har "some fancy dance moves" som ho lærar sine medelevar. Mamma'n er ganske sikker på at danseløva vår må ha arva dette frå farssida og er spent på fortsetjinga...


Etter to månadar i Noreg er det mykje som skal gjenoppdagast for ei lita jente. Deriblant er språkforståing og gloser. Thai'en er på full fart inn att, og innimellom slenger det til med nokre engleske ord òg. Men, det er ei ganske så trøytt Jenny som kjem heim etter 4 timar i Nursery, då er det godt å få roa ned og fortelja om dagen til pappa, på norsk....

mandag, august 27, 2007

Folket har talt...

Søndag for ei veke sidan var det folkerøysting her i Thailand. Sidan militærkuppet i fjor haust har ein venta med spenning på stega vidare fram til gjeninnføring av demokrati her i landet.

Ny grunnlov og val til parlamentet i desember er viktige i så måte. På sjølve valdagen gjekk det roleg for seg, men ein del klager om valfusk, kjøp av røyster etc har vorte rapportert av obeservatørar. På biletet til høgre ser de ein 78-år gammal mann arrestert fordi han, i frustrasjon, reiv røysteseddelen i to pga totalt forvirrande opplysningar. Slik kan det gå.

Om ikkje anna kan me kalla valresultatet for interessant; rett i underkant av 60% av folket røysta for forslaget til ny grunnlov. Særleg i Nord-aust og Nord-Thailand var motstanden stor. Dette er område der ein framleis finn mange Thaksin-tilhengjarar og det kan nok forklara noko av dei mange nei-røystene. Men, som ein aktiv motstandar sa til pressa; Mange, mange av oss røysta nei rett og slett fordi me er imot militærstyret.

Spanande tider framover, altså. Me nyttar ofte lange taxi-turar (trafikken i Bangkok er verre enn nokon gong) til å høyra siste nytt om kva som skjer. Taxi-sjåførane er oppdatert på det aller meste.

Foreslått valdag til nytt parlament er 23.desember, men den dagan er me vonaleg opptekne med andre ting og har tusla ned på fødeavdelingen...

fredag, august 17, 2007


Me avslutta opphaldet i Noreg med ei flott gudsteneste i Solheim. Hovudpersonen vår familie denne dagen var Signe. Det er 4 år sidan dåpsdagen hennar i Solheim kyrkje, og det vart markert med utdeling av "Mi kyrkjebok" til den store jenta vår. Som de ser på bilete var det ei stolt Signe denne dagen.

Me vil med dette takka gode misjonsvener på Løvstakksiden, Forsand, Hamre, Haus og Randaberg! Tusen takk for gode møte i sommar! Me er attende heime i Bangkok rikt velsigna og takksame for støtte og forbøn.

onsdag, august 08, 2007

Glimt frå ferie i Noreg

Me har gode dagar i heimlandet. Så gode dagar at PCen har fått lov til å samla støv, og både jobb og altfor varme dagar i Bangkok er mest heilt gløymt...

Ingen kan skryta av ein god varm norsk sommar, me har stort sett halde jakka på, og støvlane har vore flittig i bruk. Signe og Jenny synes dei har rare klede i Noreg, me synes jo dei er ganske så søte i fullt regnutstyr.

Når me ikkje har vore ute og trassa vær og vind, har me fått gode gjensyn med gamle og nye vener. Vener er ei fantastisk gåve! Ekstra flott er det når me ser at Signe og Jenny koser seg med våre veners håpefulle. Det er lagt eit godt grunnlag for neste generasjons venskap i løpet av sommaren!



Elles så har Signe no full kontroll på alle onklar, tanter og søskenbarn. Jenny er framleis litt på gyngande grunn når det gjeld kven som høyrer til kven, det er jo så mange! Og alle heiter jo onkel eller tante...
Det er 6 dagar att til det er retur til Thailand. Innan då skal me rekka MAF-møte, fisketur, avskjed med gode vener, bryllup, gudsteneste og feiring av 1-årsdagen til vesle Amalie. No er det innspurt! Og ute regnar det...


Forresten, nokon som lurer å korleis det går med magar og diettar i desse ferietider? Me let bilete til høgre tala for seg...

onsdag, juli 04, 2007

Ein mage er ikkje berre ein mage...




Kven av desse to særdeles flotte personane kan skryta av størst mage 23.desember????


Ein skal veksa og ein har lova å avta...