Berre for å syne "det gode liv" til alle de der heime som går og frys; Her er bilete frå sommar, sol og strand i Hua Hin:










Me er langt unna uroen i Bangkok sentrum og feirer sommaren i Hua Hin. Som de kan sjå av bilete er me alle 5 korrekt antrukket i sommar-uniformen.
Mukdahan har dei siste åra vorte ein kjent by i Thailand blant misjonsvener i Noreg. I samband med generalforsamlinga i ELCT (Evangelical Lutheran Church in Thailand) vart eit praktbygg av ei kyrkje vigsla med stor høgtid. 


LMT-barna", nærare 30 stk, reiste til Safari World og såg på sjiraffar og løver, medan me vaksne las rapportar og drakk kaffe. Perfekt! Alle koste seg, og ungane var passe utslitt til kvelden. Noko som passa bra sidan dei måtte tidleg i seng, me foreldre skulle nemleg på middagscruise nedover Chao Praya-elva. Nydeleg mat, hyggjelege finske kollegar og fantastisk utsikt over elva som renn gjennom Bangkok. Flotte bilete, eller? (litt stolt over mine små foto-eksperiment...).
Vår japanske kollega, Naoki, reiser heim til Japan no etter 7 år i Thailand. Behovet for prestar er stort i den japanske kyrkja, og dei har difor kalla han heim til ein kyrkjelyd i Osaka. Etter lunsjen vart det avskjedstale og bøn for ein kjær kollega. Me var naboar og språkstudentar saman med Naoki og kona Hiroko den fyrste tida vår i Thailand. Etter det har me jobba saman i LMT i fleire år. Det er veldig vemodig og trist at dei no reiser, og det har gått opp for oss at me snart er for misjonær-veteranar å rekne...
Jenta vår Signe har hatt bursdag. 6 år er absolutt verd ei markering, og det har me hatt - til gangs!
Fredag var NMS-folket invitert til kake og kaffi. Det vart nesten voksenselskap, for det er ikkje mange misjonærbarn i Bangkok for tida. På bilete til venstre ser de Signe saman med Chalom, som var ein av VIP-gjestene.
I går var den store bursdagsfesten. Heile klassen var invitert + litt andre vener. Når ein inviterer til fest i Thailand er det umogleg å veta kor mange som kjem, ein må bare ta utgangspunkt i at det alltid kjem fleire enn kva ein trur (og som strengt tatt er invitert). Det var fest, latter, høg musikk og mat i 4 timar. Og rydding og vasking for foreldra i minst like mange timar etterpå...
Etter ynskje frå Signe hadde Arne hadde laga pinata til festen.
Dessverre var det ein veldig solid pinata, som iallefall ikkje bursdagsgjestene fekk slått hol på.
Då heller ikkje ei slagkraftig mamma-gjest fekk til så mykje som eit lite merke i papp'en, måtte kniven fram.
Så veit me det til neste år; ca 15 lag mindre avispapir er meir enn nok!
Òg i kyrkja vart bursdagen markert. Sang og bøn for jenta vår under kunngjøringane + blåse ut lys på kaka.
Me har ein heilt ekte proff film-lagar/fotograf blant kollegane våre dette året. Mads frå Trøndelag er svært opptatt i desse dagar: Alle misjonærane vil ha infofilm om sin arbeidsstad, og helst ferdig redigert til sommaren. For då skal me til Noreg og besøkje Thailandvener!
No etter jul har Mads vore nede i slummen og filma på Lovsangshjemmet. Arbeidet der er ein del av prosjektet "Barn og utdanning i Thailand", som me veit mange av dykk støtter.
Så, kjære vener i Bergen, Osterøy og Forsand: I sommar vert det filmpremiere! Gled dykk!
Grunnen er ganske enkel den at fleire i familien, og då særleg mamma'n, har vore ganske så forkjøla og skrantane helse... Me har hosta om kapp, natt og dag, og når kroppstemperaturen i tillegg stig opp mot 40-talet har ikkje humøret vore på topp verken hjå store eller små.
Søvn eller ikkje, barnas dag har iallfall gått av stabelen.
2.laurdag i janaur er barna i fokus her i Thailand: Kjøpesenter og skular har haugevis av aktivitetar og leiker, ja òg barneheimar får litt ekstra merksemd av både myndigheiter og foretningsliv på ein slik dag. Alle skal ha det gøy med "geim og khanom" (leiker og snop).

Lucia-feiring i Fantasia. Det har no vorte ein tradisjon at jentene våre går Lucia i nabolaget 13.desember. Saknet av Line (Hallen) var stort i år, sidan Signe brått vart ansvarleg for det meste av synginga, noko som kan Lucia-sangen på engelsk? Amanda frå Finland vart med i år, som i fjor. Nye av året var Pearle og Ploy, men sidan heller ikkje dei kan eit ord norsk, tok me med dvd-spelaren i bakgrunnen. Små, kvitkledde Luciaèr med lys og småkaker er uansett en suksess, og ingen svidde klede eller hårtustar i år heller, heldigvis.
Veka etter fekk me reisa på juleverkstad i Mukdahan. Heile familien storkoste seg, og fekk verkeleg utfordringar i fleng med julepyntlaging. Fletta hjertekorger er framleis eit stort mysterium. På gruppa vår var fam Heggernes som må seiast kanskje streva like mykje som oss. Men frykteleg gøy var det! Til slutt fekk jentene våre vera med på julespel, "Når nettene er lange", som bilete syner; Mykje moro det òg! Takk Kari, Kine og Ann for ein julevarm kveld!
Julekvelden vår var koseleg, varm, kaotisk og livlig. Akkurat slik det skal vera når 5 born under 6 år skal vente på pakkar, ete rar mat, gå rundt juletreet og opne pakkar. Det vart barnas kveld.
Eittåringane våre; Mari, Mads og Ragnhild + Haldstudent Else var med og gjorde kvelden ekstra fin for både born og oss vaksne. At Mads handvispa ein liter fløyte til riskrem og
waldorfsalat fortener å nemnast, bra jobba! Mari har i grunnen oppsummert julekvelden på sin blogg, sjekk den ut her.