Me har hatt ei kald jul, ei jul i fjellet med så frisk luft at ungane sa det lukta som i Noreg... Og den "ferske" lufta var vel eigentleg den einaste likskapen med norsk jul. Elles så var det lite som minna om pakkefesten, pinnekjøtet, finkleda og julesnopet som me er vane med.
For i Naan-fjella fekk me vera med på jule-turne, frå den eine fjell-landsbyen til den andre. Dag etter dag. Gudsteneste med dåp, juleevangeliet sett i samanheng med frelsen (forklart på Lua-språket) til sjenerte, men smilande barn og vaksne. Me fekk sjå jublande born som fekk ei lita pakke kjeks og ein ballong i julegåve. Bestemor som fekk tildelt eit såpestykke og ein liten eplejuice.
"Å gje av eigen overflod" har vel aldri passa betre, for det var det me gjorde. Me gav så lite, og kontrasten til kvardagen vår i Bangkok vart så enorm. Der levde folk utan strøm, analfabetismen er skyhøg, kostholdet er stort sett ris, og tilbodet dei gjev på det lokale sjukehuset er mest ikkje verd å nemna ein gong. Midt i dette lever presten Amnaoy og kona Yai.
Det var no 3.året me pakka bilen og reiste, men fyrste gong for julefeiring. Ungane som, då ideen om alternativ jul var presentert, var heller lunkne, ville ikkje reise heim att 2.juledag. "Kan me ikkje reise hit meir juler" høyrdes frå baksetet då me kryssa elva og vinka adjø.
Under ser de bilete frå ei annleis jul, ei jul me aldri vil gløyme.
fredag, februar 22, 2013
lørdag, august 04, 2012
Epler og nektariner
Signe har hatt ein dårlig dag, og mamma kjefter....
Her er samtalen vår gjengitt, ganske så ordrett:
Mamma: Du må gjera någe med den måten du oppfører deg på….
Signe: Jeg er skapt sånn. Gud har skapt meg sånn…
Mamma: Nei, det har Gud ikkje…
Jenny: Ikke spis epler, Signe…
Signe: Nei…
Mamma: Hæ, koffår kan hu ikkje spise epler?
Jenny: Adam og Eve spiste epler, og di blei slemme. Mennesker som spiser epler blir bare slemme
Signe: Gabriel spiser epler….
Jenny: Jeg spiser nektariner. Mennesker som spiser nektariner blir ikke slemme. De blir bare glade, sånn som jeg…
Her er samtalen vår gjengitt, ganske så ordrett:
Mamma: Du må gjera någe med den måten du oppfører deg på….Signe: Jeg er skapt sånn. Gud har skapt meg sånn…
Mamma: Nei, det har Gud ikkje…
Jenny: Ikke spis epler, Signe…
Signe: Nei…
Mamma: Hæ, koffår kan hu ikkje spise epler?
Jenny: Adam og Eve spiste epler, og di blei slemme. Mennesker som spiser epler blir bare slemme
Signe: Gabriel spiser epler….
Jenny: Jeg spiser nektariner. Mennesker som spiser nektariner blir ikke slemme. De blir bare glade, sånn som jeg…
fredag, april 27, 2012
Laos
Eg har vore på tur til Laos! Og for fyrste gong fekk eg reise opp i landsbyane. Eg fekk sjå grøftegraving, eg fekk møta smil og takksemd, eg fekk klatra litt i fjellet (opp til vasskjeldene) og eg fekk kjenna på slitne armar som hadde bòre vatn kilometervis dag etter dag, år etter år.

Takka vere eit samarbeid mellom NMS og kyrkja i Laos har mange no fått vatn, levert til brønn midt i landsbyen. No kan dei dyrka grønnsaker rundt husene, og det er tid til veving og anna handarbeid når vatnet kjem rennande inn sjølv. Kvinnene sin arbeidsdag og moglegheit for inntekt er med eitt heilt endra!
NMS misjonær Atle Roger har jobba med desse landsbyutviklingsprosjekta i mest 5 år, og det var inspirerande for ein by-misjonær som meg å få vera med han på jobb.Laos er det landet i verda som er hardast ramma av miner eller udetonerte eksplosiver. I åra mellom 1964 til 1973 slapp amerikanske bombefly meir enn 2 millioner tonn bomber over Laos.
Ein reknar med at over 30 prosent av desse, altså 700 000 tonn, ligg strødd, udetonert, over heile landet og gjer at utvikling av infratruktur og landressurser vert svært vanskeleg (og farleg!). Presten som er prosjektleiar for landsbyutviklingsprosjektet fortel korleis det var då han var barn og bombene smalt frå amerikanske bombefly. På turen vår køyrer me forbi det eine krateret etter det andre, nesten 50 år seinare. "Me visste at den tryggaste staden å gøyme seg var i krateret kor den siste bomba smalt, så me heiv oss ned og venta på at det skulle gå over for denne gong". Eg forstår at det er klasebomber han snakkar om, bombene som verda no vil ha forbod mot fordi dei skader så mange sivile i lang tid etterpå.
Så, før ein kan byrje å lede vatn ned mot vassledningar inn til landsbyane må fjellsidene bombe-klarerast, og alle må halde seg til oppmerka stiar. Under ser de bilete av snor-rette grøfter, damer som graver brønn og mennene som støyper vasstank.
tirsdag, mars 20, 2012
Team Thailand - klart vi kan!

Du skal få være med oss å bygge kirke i Thailand! Gled deg!
Litt om oss:
Byggeleder: Chalom Haug Chuwanon: 5 år og går i 2.klasse i barnehagen. Erfaring fra byggebransjen: Har nettopp flyttet inn i nytt rom i nytt hus som pappa har bygget. Jeg har selvfølgelig vært med i hele byggeprosessen.
Arkitekt: Thanan Haug Chuwanon: 4 år og går 1.klasse i barnehagen. Erfaring som arkitekt: har som byggleder Chalom flyttet in i egentegnet hus + 1 års studie ved en anerkjent kunstakademi i Bangkok (m.a.o. sterk fomell kompetanse innen arkitektur)
HMS-ansvarlig: Gabriel Hustrulid: 4 år og går i Kindergarten. Erfaring fra HMS-arbeid: Generelt opptatt av sikkerhet i arbeidshverdagen og sikrer innemiljø ved alltid å lukke myggnettingdør, + alt snopepapir går rett i søppelet. Passer på at pappa ikke kjører for fort i bilen og sitter selv fint i bilsetet.
Kan NMS bruke oss! Klart de kan!
Kan vi samle inn penger? Klart vi kan!
Vil du hjelpe oss? Klart du vil!
Trykk her - og se hva som skjer!

tirsdag, februar 28, 2012
Når pappa og Gabriel har fri...
"Vinterferien" på internasjonale skular i Bangkok er over, og alle førebur seg nå til sommarvarmen som er på veg.
Ein måndag for nokre veker sidan hadde Gabriel fri, og minte då sin far om at han hadde vore lova ein tur på golfbanen ganske så lenge no. Dei to over til naboen for lån av golfbag - og tidleg morgon var dei to golferane klare på "green'en".
Mogleg at Gabriel ikkje vart så bitt av basillen som faren hadde håpa på, junior-golfaren vart nemleg veldig fort sliten... Men, absolutt ein god start - og ein 10er i stil!

mandag, februar 13, 2012
Aktivitetsdag på Lovsangshjemmets fritidsklubb
Må bare skryte av voluntørene som kommer til Thailand. Av ren idealisme og eventyrlyst kommer de, dekker alle utgiftene selv, og gir ungene i prosjektet uforglemmelige minner. Foreldre der hjemme; Dere kan være sååååå stolte!!!!!
Siste voluntør-gjeng på Lovsangshjemmet nå på nyåret har vært Tom Egill, Jørgen og Kristian. Se under hva de delte av hjerte-glede og svette med ungdommene i Khlong Tøy slummen. Dette er en videosnutt som gleder - prøv!
(og ser dere nøye etter ser dere også min flotte mann med follow-me t-skjorte på fotballbanen)

Aktivitetsdag from Tom Egill Tobiassen on Vimeo.
tirsdag, januar 10, 2012
Bli med oss til Naan!
I desember for eit år sidan reiste me for fyrste gong nordover til Naan - og me falt pladask! For folket, naturen, fargane - det er så ulikt, nydelig og eksotisk! Samstundes er fattigdomen tydeleg og analfabetismen er utbreidd. Heksedoktoren styrer i landsbyen, og kvardagen gjev store utfordringar for mange.
Presten Amonay og hans stab gjer ein fantastisk jobb. Faktisk er det i Naan me no finn den største veksten i kyrkja, det er no nærare 900 døypte blant Lua-folket. I tillegg får mange born støtte til skulegong og klede gjennom prosjektet "Barn og Utdanning", og kyrkja gjer det dei kan for å fokusere på utdanning for dei unge.
Rett før jul reiste me på familietur til fjellene, og var med i Naan-teamet for 3 dagars leir med 60 flotte barn. Her er ei lita minnebok:

![]() |
| This photo album customized with Smilebox |
søndag, januar 01, 2012
onsdag, november 30, 2011
Misjonærdamens julebord
fredag, november 18, 2011
Lutheran Mission in Thailand

Lutheran Mission in Thailand (LMT), det er oss, det. NMS og 5 andre misjonspartnerar/kyrkjer frå Europa, Asia og Australia arbeider saman i Thailand. Me har ikkje berre eksotiske thai kollegar, men får også til tider oppleve kultur-utfordringar i samarbeidet med Singapore eller Finland m.a. Og det er såååå utruleg kjekt!!!!!
"Før i tida" hadde LMT årlege samlingar med misjonsarbeid og fellesskap i fokus. Stram økonomi (kanskje særleg frå NMS) har gjort at det no var 3 år sidan siste helgesamling. Fredag ettermiddag satte Bangkok-folket seg på flyet til Ubon - klare for LMT retreat i Isaan.
2 dagar, 22 misjonærar, 3 voluntørar, 2 assistentar, 1 biskop, 1 sekretær, 16 barn, 1 møterom, 1 nasjonalpark, 1 badeland, 1 kjempesvær buss, 1 liten båt m/2 guttar på krokodillejakt, og masse mat vert til 48 gode timar.

mandag, oktober 31, 2011
torsdag, oktober 27, 2011
Siste oppdatering fra hjelpearbeidet
Rett nord, men innenfor stor-Bangkok ligger Prathum Thani, "lotusblomstens by". Gjennom Prathum Thani renner Chao Praya-elva, og distriktet har fått mer enn sin del av vann de siste ukene.
Kirka vår her i Thailand (ELCT) har hatt kontakt med en lokal menighet i dette området. Presten Prasit fortalte at de hadde det vanskelig, så tirsdag reiste vi ut på besøk.
Kan du, kjære leser, tenke deg ei gate med 1 meter høyt vann? En skole der lekeplassen er et digert basseng, med vann til armene på en voksen? Kan du tenke deg at eneste mulighet til å komme ut herfra er å gå en kilometer i dette vannet? Et vann der søppelet flyter, godt blandet med kloakk og der parasitter (og slanger!) kan herje fritt? Det er virkeligheten for hundretusener av mennesker i Thailand nå. Jeg har nå vært der; Jeg har gått i brunt vann til over midjen, kjent luktene, snakket med menneskene som bor der, sett ungene, og kjent bittelitt på redselen når vannet sti
ger for hver time.
Men, vi reiste derfra utpå ettermiddagen, mens det ennå var dagslys. Vi reiste hjem til en dusj og vaskemaskin, til varm middag og ei seng. De mange hundre fremmedarbeiderene, fra Laos, Kambodsja bl.a. som bor rundt kirken til pastor Prasit har ingen steder å reise. Når fabrikken de jobber på nå har stengt har de heller ikke lønn, og ingen mat å spise.
I morgen (fredag) reiser vi tilbake med hjelpeforsyninger. I dag samles ELCT for å pakke ris, vann, nudler, såpe og medisiner. Takk for din støtte!

Kirka vår her i Thailand (ELCT) har hatt kontakt med en lokal menighet i dette området. Presten Prasit fortalte at de hadde det vanskelig, så tirsdag reiste vi ut på besøk.
Kan du, kjære leser, tenke deg ei gate med 1 meter høyt vann? En skole der lekeplassen er et digert basseng, med vann til armene på en voksen? Kan du tenke deg at eneste mulighet til å komme ut herfra er å gå en kilometer i dette vannet? Et vann der søppelet flyter, godt blandet med kloakk og der parasitter (og slanger!) kan herje fritt? Det er virkeligheten for hundretusener av mennesker i Thailand nå. Jeg har nå vært der; Jeg har gått i brunt vann til over midjen, kjent luktene, snakket med menneskene som bor der, sett ungene, og kjent bittelitt på redselen når vannet sti
ger for hver time.Men, vi reiste derfra utpå ettermiddagen, mens det ennå var dagslys. Vi reiste hjem til en dusj og vaskemaskin, til varm middag og ei seng. De mange hundre fremmedarbeiderene, fra Laos, Kambodsja bl.a. som bor rundt kirken til pastor Prasit har ingen steder å reise. Når fabrikken de jobber på nå har stengt har de heller ikke lønn, og ingen mat å spise.
I morgen (fredag) reiser vi tilbake med hjelpeforsyninger. I dag samles ELCT for å pakke ris, vann, nudler, såpe og medisiner. Takk for din støtte!
lørdag, oktober 22, 2011
Det første lasset
Ei sentral dame i Laksi menighet i Bangkok er adjarn Saiphan. Hun er ei flott dame med et engasjert hjerte.Sist søndag satte Laksi i gang en ad-hoc aksjon for å hjelpe flomofrene. Etter gudstjenesten samlet de inn en ekstra gave, og Saiphan kjøpte vann, ris og suppeposer. Hun hadde fått kontakt med en menighet lengst inne i vannmassene som desperat manglet drikkevann. Varene utdelt fra myndighetene kom aldri så langt som til deres landsby... De lå 40 minutters båtreise fra nærmeste kjørb
ar bilvei.Onsdag var det ut på tur! Vi kjørte gjennom vann så langt øyet kunne se. Hustak stakk opp av vannskorpa noen steder, og en og annen båt. Ellers var det stille.
Etter en 6 timers kjøretur (som normalt ville tatt max 2 timer) ble v
i stoppet av vannet. Så langt, men ikke lenger. Derfra ble varene lastet om før de skulle videre med båt.Neste gang vi reiser håper vi på et mye større lass, som kan hjelpe mange, mange flere.
Mange millioner mennesker har mistet hus og hjem, jobb og alt de eier.
Kirka i Thailand har nå satt i gang et omfattende hjelpearbeid, gjennom sine lokale menigheter. Sender du en SMS melding thailand til 2090, gir du 300 kroner til dette arbeidet. På forhånd; Takk for din støtte!!
onsdag, september 21, 2011
Landet mitt
Tema for første termin i 2.klasse er "All about me", og elevene må bl.a. skrive litt om landet de kommer fra.
Her er Jennys sin presentasjon av Norge:
In Norway it is really cold. There is hardly no burglars. It is never dark. There's a bomb in Norway.
I Norge er det veldig kaldt. Det er nesten ingen innbruddstyver. Det er aldri mørkt. Det er/var en bombe i Norge.
Her er Jennys sin presentasjon av Norge:
In Norway it is really cold. There is hardly no burglars. It is never dark. There's a bomb in Norway.I Norge er det veldig kaldt. Det er nesten ingen innbruddstyver. Det er aldri mørkt. Det er/var en bombe i Norge.
fredag, august 19, 2011
Til minne
Dette blogginnlegget er til minne om ein liten Lua-gutt frå fjellene i Nord-Thailand.Me møtte Pedro i desember i fjor, på turen vår til kyrkja i provinsen Naan. Han sat på bakerste benk i kyrkja, saman med mor og far, med jakke og altfor stor lue i vinterkulda (utdelt av kyrkja). Dagen etter traff me han i barnehagen. Det var lett å sjå at han ikkje var heilt som dei andre barna, han var liten og tett - men med eit andlete som synte at han eigentleg ikkje høyrde heime der med dei små barna. Det gjorde han ikkje heller, men foreldra kunne ikkje senda han på skulen av frykt for at han kunne skada seg i leik med større barn.
Pedro var fødd med ein alvorleg sjukdom og måtte jamnleg til lege for rensing og påfyll av blod. Næraste sjukehus som kunne hjelpa Pedro ligg 7 timars reise frå landsbyen, og reisekostnadene gjorde at familien måtte selje unna den vesle buskapen dei hadde.
Pedro var sjenert, han leikte mykje aleine, og han levde med mykje smerter i kroppen. Då var det desto meir rørande å høyra latteren hans når han lot seg riva med i leiken.
For nokre veker sidan vart Pedro dårleg, og han bad om å få sleppe endå ein lang og smertefull tur til sjukehuset. Landsbyen var (lik heile nord-Thailand) ramma av flom, og vegane var uframkommelege. Faren tar Pedro på ryggen og bærer han nedover fjellsidene, over ei iskald og stri elv, og håper å nå fram til den lokale legen. Der, på ryggen til faren, dør vesle Pedro, 9 år gammal.
Presten Amonay fortalte meg at mora til Pedro har kome aleine til gudsteneste etterpå. Det er enno for vanskeleg for faren. Plassen ved sida av han i kyrkjebenken, den i armkroken, er no så altfor tom...
mandag, juni 13, 2011
1 år eldre
Prinsesseperioden er definitivt over; Jenny er blitt 6 år og rosa er ikkje like fantastisk som det ein gong var. No er det "cowgirl", pirat og andre liknande heltar som gjeld.

Jenta vår har feira med to selskap; eit saman med venninna Lily og klassen, og 1 selskap for naboar og vener. Slitne foreldre er glade for at selskapssesongen er over for denne gong - sjøl skal eg ikkje blåsa ein einaste ballong før laaaangt uti desember og ein 4 årsdag venter.
Gratulerer med dine 6 år, Jenny! Måtte det bli et fantastisk år framover!!!

Jenta vår har feira med to selskap; eit saman med venninna Lily og klassen, og 1 selskap for naboar og vener. Slitne foreldre er glade for at selskapssesongen er over for denne gong - sjøl skal eg ikkje blåsa ein einaste ballong før laaaangt uti desember og ein 4 årsdag venter.Gratulerer med dine 6 år, Jenny! Måtte det bli et fantastisk år framover!!!
torsdag, juni 02, 2011
Tusen takk, biskop Visanukorn!
Etter 8 år som biskop i ELCT skal Visanukorn no bli student i Ho
ng Kong. Før sommarferien var det avskjedsfest og takketalane var mange, og til dels rørande.
Lite er meir populært på ein fest i Thailand enn ein "open" mikrofon. Denne kvelden var det fritt fram - og mange nytta høvet: Evangelistane
kom fram med sjølvskrevne tekstar, på tradisjonelle folkeviser (som våre norske stev) og biskopen heiv seg på dansegolvet. "Alle" tok seg ein liten thaidans til slutt, t.o.m vår nye generalsekretær Jeffery og hans kollega i den finske misjonen (til stor glede for medlemmene i kyrkja). Er det andre enn meg i NMS som har bydd opp generalen til dans, kanskje???
Biskop Visanukorn vart innsett fyrste hausten vår i Thailand, og er liksom "vår biskop". Han er veldig avslappa på formalitetar, noko som har vore godt for nye misjonærar som verken hugsar rett tiltale eller "wai" i starten. Visanukorn er kjent for godt humør og smil. Men, det har vore krevjande 8 år som biskop i ELCT, og det var difor kjekt å sjå ein glad biskop motta takk og godord frå alle som er glade i han.
Frå Bangkok
prosti var takkegåva eit digert portrett, innrama som seg hør og bør. Reknar med at det får heidersplassen i stova framover....
ng Kong. Før sommarferien var det avskjedsfest og takketalane var mange, og til dels rørande.Lite er meir populært på ein fest i Thailand enn ein "open" mikrofon. Denne kvelden var det fritt fram - og mange nytta høvet: Evangelistane
kom fram med sjølvskrevne tekstar, på tradisjonelle folkeviser (som våre norske stev) og biskopen heiv seg på dansegolvet. "Alle" tok seg ein liten thaidans til slutt, t.o.m vår nye generalsekretær Jeffery og hans kollega i den finske misjonen (til stor glede for medlemmene i kyrkja). Er det andre enn meg i NMS som har bydd opp generalen til dans, kanskje???
Biskop Visanukorn vart innsett fyrste hausten vår i Thailand, og er liksom "vår biskop". Han er veldig avslappa på formalitetar, noko som har vore godt for nye misjonærar som verken hugsar rett tiltale eller "wai" i starten. Visanukorn er kjent for godt humør og smil. Men, det har vore krevjande 8 år som biskop i ELCT, og det var difor kjekt å sjå ein glad biskop motta takk og godord frå alle som er glade i han.Frå Bangkok
prosti var takkegåva eit digert portrett, innrama som seg hør og bør. Reknar med at det får heidersplassen i stova framover....
søndag, mai 15, 2011
"Når jeg gror opp", som Jenny ville ha sagt det
Ved frokostbordet tidleg søndag morgon; 3 stk born i pyjamas et skive med nutella og presser ned eit glas melk.
På Gabriel sin pysj står det: "When I grow up I want to be like my daddy", Jenny leser og leser. Trøtte-mamma vert litt lei, og ynskjer ein litt mindre monton samtale:
Mamma: Ka vil dåkk ble når dåkk bler store då? Ka vil dåkk ha t jobb?
Signe: Hmmm, jeg vil bli syngar
Mamma: Ååå
Jenny: Jeg vil ikke ha någen jobb!
Mamma: Hæ? Ska du ikkje ha jobb?
Signe: Hu vil bli lærar, mamma
Mamma: Er ikkje lærar ein jobb, Jenny??
Jenny: Neeeeiiii, å bare sitte med ungane å lese med di, ha di til å gjøre maths og sånn, det er ikke jobb. Det er gøy!

Abonner på:
Innlegg (Atom)