
Heime er der hjarta er...
- Og hjarta mitt er så absolutt i Thailand. Det var veldig godt å kome heim att til Arne og Signe, etter ein fine dagar i Noreg med familie og vener. Då me reiste frå Osterøy skein vårsola nydeleg over fjorden, og løvetannen lyste i vegkanten. I Bangkok regna det...
Det gjorde i grunnen ingenting, me reisande var surrete etter ein lang flytur, Signe vart travel pakka opp alle pakkane frå Noreg og Arne fekk jobb med å finna plass i frysaren til all sjokoladen.
I går var det attende til "normalen". Iallefall nesten. Eg vart vekka kl 12,


På kvelden vaksensamling hjå fam Johannessen,

Det vart nærare midnatt før dagen var omme. Då var Jenny i superslag. Ho hadde sove til kl 14, og var på sitt mest sjarmerande når me andre berre ville sova... Ikkje lett å snu døgnet sånn på 1-2-3.
I helga vert det fest! Meir om det i ein anna blogg.
Ha ein fin dag alle saman!
Anne Brit
1 kommentar:
Heisann!
Kjempekoselig å lese på bloggen deres! Og velkommen tilbake til Thailand. Nå er det bare noen uker til vi reiser til Norge og i bryllup, noe vi gleder oss veldig til.
Håper dere alle har det bra.
Hadde jo vært kjekt å møttes igjen snart da...
Klem fra Marit
Legg inn en kommentar