mandag, mai 26, 2008

Dåp og konfirmasjon


Mai er konfirmasjonstid, og for nokre månadar sidan fekk me invitasjon frå Hilde og Kristin om konfirmasjonsfest på Hamre. Billettprisane heim til Bergen var i høgsesong, og det var med tungt hjarta me måtte takk nei til denne store familiedagen.

Då var det ekstra kjekt å få vera med å feira Kari med konfirmasjon-overhøyring og fest. Kari er eldst av misjonærbarna, og eit flott forbilde! Særleg Signe er veldig glad i Kari, og heng som eit klistermerke på henne så fort dei møtes. Konfirmasjonsfesten var intet unntak, og stor var gleda då Kari t.o.m. var med å leika i bassenget! Lukke til med konfirmasjonsgudstenesta di på Vats i sommar, Kari!


Dagen etter var det barnedåp i kyrkja vår. Det er langt mellom kvar dåp i Santithum, og enno lengre mellom barnedåpane. Faktisk kan me ikkje hugse det har vore barnedåp så lenge me har vore her, så dette var ein stor dag!
Våre vener Songkran og May hadde venta lenge på veslejenta si, og takka Gud for bønesvaret. Jenta deira fekk difor kallenamnet Sign (teikn). Storesøster Sand var dåpsmedhjelpar då Gabriel vart døypt og hadde gleidd seg til det var deira tur.

Som de ser på bilete er nong Sign ei nydeleg lita jente! Og har ein flott familie som betyr mykje for oss.

Om kvelden, før ho sovna, bad Jenny til Gud for nong Sign. Me foreldre vart heilt rørt over vår omsorgsfulle 2-åring. Til slutt vart Jesus takka for at nong Sign ikkje skreik då ho vart døypt, slik Gabriel hadde gjort...

1 kommentar:

Solveig Meling Johannessen sa...

Kjekt å lese at Signe setter pris på Kari, og at hun kan være et bra forbilde. Vi er jo i ferd med å bli totalt erstattet av en helt ny generasjon av misjonærer. Det er tydelig når vi ser på bildet av alle misjonærbarna fra forrige innlegg. Er ikke mange år siden omtrent alle misjonærbarna var jevnaldrende med våre barn.