fredag, mai 09, 2008

Oss priviligerte mødre

Endeleg fekk Anne og eg rydda plass i kalenderen til vårt etterlengta barseltreff. Ein tur på kafè med våre små hadde me snakka om sidan magane vokste, og no byrja det å hasta litt. Om ikkje lenge er nok både Gabriel og Thanan meir mobile, og krabbande fahrang-babyar mellom borda innbyr ikkje til ein roleg prat over kaffekoppen (kanskje meir som kjekk underhaldning for dei andre gjestene).
Innimellom amming og byssing, kaffe og muffins, fekk me prata om mangt og mykje. Permisjonstid vs jobb, søskensjalusi og barnehagar, alt vart debattert medan me til stadigheit sukka over kor godt me hadde det, og kor heldige me er som er mamma'er til flotte ungar! Ein caffe lattè gjer dessutan susen for søvnmangel etter tallause våkennetter! Sikkert ikkje så ulikt barseltreffa heime i Noreg. Ser fram til neste treff, Anne! Kanskje då i Khao San - gata?

Her i Thailand er det dei heldige som får 3 månadars mammapermisjon frå jobb. Etter det må dei aller fleste arbeidane mødre her i Bangkok sende babyen sin til besteforeldre på landet, skjule tårene og ut på jobb! Mange får ikkje høve til å treffa barnet sitt meir enn ein gong i året, og då er sjølvsagt både mamma og pappa framande og nifse for eit lite barn.

Les på internett at diskusjonen om mamma eller pappapermisjon går for fullt heime i Noreg. Uansett fordeling på veker etc, me er verkeleg heldige som foreldre i Noreg! Me får mykje tid med barna våre, me får sjå dei veksa opp og vera ein del av kvardagen deira, gje barna våre det beste av helse og skuletilbod, - me har mykje å vera takksame for!

Beste helsing
Anne Brit - ei priviligert norsk mamma i Thailand!

2 kommentarer:

Linni på nye eventyr:) sa...

Hei hei:)
Dæ va godt dåkke fekk tid te å kåma dåkke ud litt, dæ æ veldigt viktigt sånne ting!! Må ikkje gå så lenge te neste gong.....
Jillt å hørra alt går så godt. Hels så møje te addle

Anonym sa...

Så koselig det så ut! Neste gang vil jeg være med!!! Du har fått lengre hår og Anne kortere...;) Skal vi si i midten på juni??

Cathrine