lørdag, mai 03, 2008

Ein bitteliten observatør på Generalforsamlinga

Generalforsamlinga i ELCT var i år utanfor Bangkok, i Nakhon Ratchasima (Korat) fylke, ca 3 timars køyring frå hovudstaden. Sidan mamma`n til Gabriel er kasserar for den Lutherske misjonen fekk me vera med som observatørar på det tre dagar lange møte.

Fjorårets GA var eit møte der dei sterke kjenslene kom fram, og kyrkja tok eit oppgjer med den ukulturen som hadde sneket seg inn. Årets samling var stille og fredeleg (med unntak av når Gabriel vart svolten), alle såg ut til å vera letta over at den verste "stormen" er over.

224 nye kristne vart døypte inn i kyrkja i 2007 og det totale medlemstalet i ELCT er no over 3000. Elles var det underskot i rekenskapen og mykje reknefeil i budsjetta - alt som før, med andre ord!

Pausane er kanskje dei viktigaste, det er der kjennskap vert knytta og spørsmål får svar. Det er vanskeleg å konsentrera seg i varme, sol og div eddarkoppar rundt omkring. På bilete ser de Gabriel i ivrig samtale med leiaren for prosti 4, samt utsendingen frå Immanuel menighet (og leiar for barne-og ungdomsarbeidet, CED) m.a.

Lovsangen fekk mykje tid, og det var ei fin oppleving å få vera med på. Det er mange gode musikarar blant presteskapet i kyrkja vår! Generalforsamlinga vart avslutta med nattverdsgudsteneste før alle reiste heim kvar til sitt.


Enno, 3 dagar etterpå, kviler Gabriel ut etter strevsome dagar som bitteliten observatør frå misjonen.

Ingen kommentarer: